mandag 8. oktober 2012

Anleggsnytt og slikt

Det kjem litt an på kven ein spør: Ein del vil synast at det gjævaste nye på anleggsfronten er at det skal bli fast dekke i Husnes Idrettspark i 2013. Andre synest kjempeanlegget i Haugesund, med samlokalisering av den ferske innomhushallen og den nye, utandørs friidrettsbanen på Haraldsvang, er svære saker.

Poenget er at det skjer ting. Og spesielt skjer det ting når det gjeld friidrettshallar. Det er jo også då eit aktuelt tema, no når me regnar ned og snart skal gøyma oss for kulde og frost. Heile dette tiåret står i friidrettshallens teikn her i landet. Vestlandet har alt fått hallar i Sandnes, Haugesund og på Haukås i Åsane. Midt-Norge har hall både på Ranheim i Trondheim og i Steinkjer, der Nordens største hall (i alle fall så langt) er å finna. Nord-Norge får truleg sin første hall i løpet av dei  nest tre-fire åra (Bodø?).

Men aller nærmast er det være vener i Tyrving og omland som kan gle seg: Den nye hallen på Rud i Bærum har fått tak og vegger og slikt og etter kvart blir den idrettslege innmaten også plassert. Den skal etter planen takast i bruk, i alle fall "på prøve", i februar 2013. Til liks med UM-hallen komande vinter i Steinkjer, så skal også hallen i Bærum ha seks løpebanar rundt, i tillegg til sprintbanar både i midten og på sida. Og - på same måten som både Gneist og Norna-Salhus her lokalt har sine stemnevariantar inne - så har også Tyrving planane klare for innomhus tyrvingleikar.

Så her blir det mykje å velja i og truleg endringar i konkurranse- og reisemønster i innesesongen - etter kvart.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar