søndag 12. februar 2012

Happy Feet-suksess III

Der var me i mål, med Pingvinlekene 2012, og heilt uhilda vil eg seia at me har grunn til å vera kry over dette arrangementet. Store ovasjonar til dei som har stått i bresjen for det!

Sportsleg er eg imponert over ganske utruleg kvalitet i mange øvingar og av mange utøvarar, når me enno skriv berre andre helga i februar månad.

Eit par utøvarar er i nesten urimeleg god form, ein av dei er Pål Haugen Lillefosse (G11). Søndagen fekk han 10,55 på 60 meter hekk. Det er verd 990 tyrvingpoeng og er klubbrekord (med (i) bak), 25/100 betre enn Stian Norheim si fem år gamle utetid med 68cm-hekkar. Og Pål storma vidare: I lengde blei det 4,37 (964 poeng) og på 200 meter pressa Pål seg ned til 29,79 (949 poeng)

Den andre enkeltutøvaren som har imponert aller mest i helga, er utvilsamt Kristoffer Blücher (G13). Søndagen fekk han 9,76 på 60 meter hekk og fekk med det ei ny øving over 1000 poeng - alt så tidleg (1008). Over 1000 poeng bar det også i lengde, med solide 5,37 (1004 poeng). Det er også godt lengre enn Sondre Rinde sin ute-klubbrekord på 5,09. På 600 meter persa Kristoffer med fire sekund og sprang på 1:36,89 (937 poeng).

Anna Evensen (J12) er ein annan hekke-spesialist. Ho fekk 10,65 på 60 meter hekk (971 poeng). På 200 meter blei det 30,43 på Anna (849 poeng).

Amund Høie Sjursen (G16) fekk til eit flott hopp i lengde, på 6,37, som er verd 994 poeng og er sju cm bak uterekorden i aldersklassen på 6,44. Han oppnådde vidare 1,65 i høgde (839 poeng). Det betyr at tre G16-gutar har oppnådd same høgde i vinter (Magnus Leikvoll og Håvard Våge Opheim, i tillegg til Amund).


Sondre Rinde (G14) persa på ny på 60 meter hekk (84cm), til 9,19. Og det er framleis Sondre som også har klubbrekorden i øvinga i aldersklassen.

Renate Lie (J14) sprang på ei tid det er lett å hugsa på 60 meter: 1.44,44. Renate har sprunge fortare før, men dette er faktisk 9/100 under klubbrekorden ute i J14, sett av Ingrid Solheim i 2002.

Henrik Irgens Gravdal (G14) sprang ein jamn og solid 600 meter (igjen) og fekk denne gongen notert 1:34,87 (899 poeng).

Ein kvar sin klubbrekord blei det også på Ingrid Næss Johansen (J15) og Anders Bjørndal (G17) på 600 meter. I begge klassane var rekorden ledig på distansen: Ingrid sprang på 1:50,60, medan Anders - som er i solid vinterform - flytta persen sin heilt ned til 1:32,06.

Espen Bjørndal (G12) hadde ein spennande og god duell i lengde med Fana sin Erlend Bolstad Raa. Espen fekk opp ny pers og leiing med 4,34 i siste omgang, men Erlend svara til 4,50 i aller siste hopp. 4,34 er uansett verd fine 878 tyrvingpoeng for Espen. I same konkurranse - som talde 19 utøvarar - oppnådde Thomas Blücher 3,98 (806 poeng) og Johannes Møllerup 3,95 (800 poeng). Thomas sprang elles 200 meteren på 29,56 (833 poeng).

Silje Stenersen (J12) var utvilsamt endå meir i sitt ess på 1500 meter lørdag, men var med i ein rivande duell på Aurland-jenta Kristiane Sekkingstad Terum på 600 meter søndag. Der blei Silje knepent slegen, med tida 1:49,61 (889 poeng).


Michelle Floor Heggeland (J13) held fram framgangen sin. I lengde blei det 4,45 (884 poeng).


Marianne Benserud (J17) pynta på 60 meter-tida si inne i år, til 8,50 (865 poeng).

Kristian Schjønningsen (G13) betra seg med 1/100 på 60 meter hekk til 10,33 (894 poeng). Endå betre gjekk det i lengde, der det blei 4,90 (910 poeng).


Håvard Rinde (G11) hoppa 3,91 i lengde (872 poeng), Hans-Magnus Haukøy (G11) oppnådde 3,78 (846 poeng) og heilt ferske Filip Lorentzen Gram-Knutsen (G11) fekk 3,69 (828 poeng).

Herman Hovland (G13) hoppa 4,38 i lengde (806 poeng).

At eg er imponert over alt dette - og meire til - er å ta varsamt i.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar