søndag 12. februar 2012

Happy Feet-suksess II

Første dag av Pingvinlekene blei ein knallsuksess for arrangøren. Eg ser fullstendig vekk frå at tidtakaranlegget svikta ein halvtime på ettermiddagen, det var arrangøren heilt utan skuld i. Før det skjedde opplevde ein eit arrangement som følgde tidsskjemaet betre enn eg kan hugsa å ha opplevd nokon gong. Dette var bra saker! (Og dei manuelle tidtakarane gjorde ein formidabel suksess som back-up...)

Og sportsleg? Her er det rett og slett ei heilt røys å ta tak i, alt på eit stemne i februar månad:

Pål Haugen Lillefosse (G11) betra seg på ny kraftig i stav og er no oppe på heile 2,60! Det er verdt heile 1051 tyrvingpoeng - og klubbrekorden har han sjølv snart forbetra med ein heil meter! I tillegg sneik han seg under 9 sekund på 60 meter: 8,96 (956 poeng).

Silje Stenersen (J12) fekk endeleg poeng på 1500 meter. Etter eit jamt og godt løp blei ho klokka inn på 5:11,37. Det er alt i februar månad verd 1021 tyrvingpoeng og er berre litt over to sekund bak Renate Lie sin to år gamle klubberekord (Silje var jo heilt nede på 5,06 alt i fjor). Renate Lie (J14), sjølv, vann heatet der Silje sprang og fekk 5:09,10 (915 poeng). Og medan me er inne på jentene sin 1500 meter: Ingrid Helene Nyhus (J15) pynta på sin årsbeste, til 5:10,40 (853 poeng).


Monika Benserud (J16) er tilbake for fullt: På 60 meter fekk ho 7,94, som er 1029 tyrvingpoeng og beste løpet for jenter i Gneist så langt i 2012. Det er også langt under klubbrekorden. Også i stav er Monika om lag på gamle høgder: Her blei det 2,80 (880 poeng).


Amund Høie Sjursen (G16) var med på ein kanonsterk 60 meter og senka eigen pers til 7,42. Det er verdt 994 poeng og må i alle fall noterast som klubbrekord innomhus: Espen Liland har 7,50 ute frå 2005. Amund vann også kule med 10,56. Eg oppdaga no at G16 ikkje har klubbrekord i kule med 5 kilos-kule. (Den nokolunde kjende kastaren Steffen Nerdal har den med 4kg-kula).

Kristoffer Blücher (G13) heldt fram der han slapp på Stange sist helg: Det bar heilt ned på 25,91 på 200 meter, som er klubbrekord (førebels med ein (i) i parentes, Sondre Rinde har 26,02 ute), det er verd 1007 tyrvingpoeng og er beste løpet for Gneist-gutar så langt i 2012. Han fekk i tillegg 8,07 på 60 meter (981 poeng).


Sondre Rinde (G14) svarar Kristoffer jamleg: På 60 meter innebar det 8,02 (927 poeng).

Ei anna som berre susar vidare, er Gneist-ferske Michelle Floor Heggeland (J13): No er ho nede på 8,78 på 60 meter (897 poeng) og på 29,18 på 200 meter (884 poeng).


Anna Evensen (J12) betra seg i lengde til 4.20 (895 tyrvngpoeng). Ho sprang også 60 meter på 9,13 (843 poeng).

Gjert Høie Sjursen (G12) har endå sterkare kast-øvingar når han kjem utomhus, men støtte kula heilt til 9,61 lørdag (898 poeng).


Håvard Rinde (J11) støtte kula 8,40m (874 poeng).

Våre to Ivan-ar i G15, Ivan Berstad og Ivan Høie, hadde ein fin lørdag i Leikvanghallen: På 60 meter fekk Ivan B. 8,11 (848 poeng) og Ivan H. 8,25 (811 poeng). Begge deler er solide persar. Og på 200 meter følgde dei opp med 26,15 (Ivan B.) og 26,34 (Ivan H), som er endå sterkare forbetringar. I tillegg er begge to med det kvalifisert for inne-UM på distansen.

Jørgen Jensen Axelsen (G19) fekk årsbeste på 1500 meter med 4:12,66 (911 poeng).


Anders Bjørndal (G17) gjorde eit nytt kanonløp, etter ein dag med lite mat og eit halvt døger etter at han tvilte på start på grunn av eit skranglete kne: 4,28,15 på 1500 meter er kjempepers, i alle fall innomhus (845 poeng).

Hans-Magnus Haukøy (G11) fekk 9,52 på 60 meter (805 poeng).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar