onsdag 29. februar 2012

Skuffande løpsprogram

Då er invitasjonen til dei første vår-Fanalekene (i alle fall i moderne tid...) klar. Her er eit rikhaldig sprint-program, men med eitt for så vidt spennande unntak - for dei eldste - så er løpsprogrammet for dei som spring lenger enn langsprint skuffande.

For haust-Fanalekene har me vore vane med at det har vore 600 meter for dei yngste og 800 meter for dei eldste. Det er i og for seg også ganske smålåte tilbod det også, men monaleg betre enn berre 600 meter for alle aldersgrupper, til og med 19 år!

Fanalekene kjem ei veke før Hovdinglekene. Og, ganske rett, under Hovdinglekene er det tradisjon for å ha 600 meter som lengste distanse for alle aldersgrupper. Å ha to stemne lokalt på ei veke der 600 meter er lengste distanse, det er temmeleg dårleg overfor dei som spring mellom- og langdistanse!

Så seint som i haust eksperimenterte Fanalekene med eit meir spennande øvingsprogram og hadde då mellom anna 3000 meter på programmet. Det er heilt borte no.

Og sprint? Jo da, her er 40 meter, 80 meter, 100 meter, 200 meter, 400 meter og 600 meter...

Og unntaket? Vel, det er jo hyggeleg nok: dei siste åra har det berre vore tilbod om 10.000 meter på sein haustpart her lokalt - og til og med eit par mil-løp innanfor éi veke på terminlista. No blir det tilbod om 10.000 meter for 18/19 og oppover under Fanalekene søndag 29. april.

Nett dette er jo spennande, men det tar ikkje bort kritikken om manglande tilbod til dei frå 12 år og oppover som synest 600 meter er i kortaste laget. Her er mykje å velja i: 800, 1000, 1500, 2000... 2000 meter ville jo vore eit godt alternativ, sidan dette var fast innslag under Laksevåglekene dei siste året det arrangementet fanst, om lag på same tida som årets Fanalekene.

No ja.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar