Som observante lesarar av førre innlegg vil sjå, så kvalifiserte lørdag både Ivan Berstad og Ivan Høie (begge G15) seg for 200 meter under inne-UM i Sandnes om fire veker. Begge to gjorde det med solid margin.
Ivan B. si tid på 26,15 er 18. beste i landet så langt i vinter, medan Ivan H. si på 26,34 er 21. beste tida i klassen.
Og rett skal vera rett: G15-gjengen har naturlegvis også Emil Engelsen Holm mellom dei kvalifiserte på distansen: Han har 11. beste tida i landet i vinter med 25,82.
Så då skulle me ha det på plass.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar