lørdag 18. februar 2012

Borte og heime

Tidleg på 'an i dag; har vore og fått av garde dagens ferske 17-åring til treningsleir på Lanzarote. Jan Fjærestad og Bjarte Eikanger si springe-gruppe dreg av garde lørdag morgon til to veker i sol og vind. Dei kanariske øyene er etter måten stabile når det gjeld finaveret, men er også godt vindutsette. Temperaturutsiktene framover kan verka noko under det ideelle for dei solbadande, men nærmast optimale for dei som først og fremst skal trena. Me får satsa på flotte forhold og ein godt førebudd gjeng - for dei som det gjeld - før inne-UM i Sandnes, som det er seks dagar igjen til når gjengen kjem attende.

Her heime har regnet skylt vekk nesten all snø og is i løpet av natta. No er me lova påfyll med snø i løpet av det neste døgeret, men det er visstnok berre eit blaff på veg mot meir vår...

Og for dei som er heime-heime, det vil seia verken er på kanariske øyer eller andre stader i vinterferien, så er det neste helg KM innomhus i Leikvanghallen. Og arrangøren har her ikkje gitt seg med å forundra:

I invitasjonen til meisterskapet blei påmeldingsfristen sett til 17. februar, altså i går, medan det i online-påmeldingssystemet heile tida har stått 21. februar. I mellomtida har den opphavlege fristen (17.) blitt utvida til 19. februar. Stadig forvirra? Vent litt, for det kjem meir:

Like før påmeldingsfristen - påmeldingsfristane - går ut, så kjem det melding om at arrangøren har bytta ut 2000 meter som lengste distanse med 1500 meter. Det er i og for seg eit fornuftig val, det harmonerer til dømes betre med distanse-utvalet under inne-UM, men igjen er det underleg at kretsen synest å oppdaga ting undervegs. Dei som alt var påmeldt 2000 meter, er no berre flytta over til 1500 meter. Just like that. (I skrivande stund er stordabuen Lars Lunde påmeldt både 1500 meter og 2000 meter, så ein har framleis ein ryddejobb å gjera.)

Forbetringspotensial, heiter det visst.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar