fredag 4. november 2011

Golf

Berre for å understreka at eg tilhøyrer ein heilt annan generasjon enn ungdommen: I 1992 kjøpte eg mi første datamaskin, då var eg 25 år. Det var ei pittelita Apple-maskin, som gjekk under namnet Classic II (altså ikkje fullt så klassiske som den klassiske Classic). Den maskina kosta like mykje som 3-4 langt kraftigare berbare i dag. Det er no så, men den tente meg godt i mange år. Ei heil hovudoppgåve fekk eg skrive på den, hugsar eg. Og så var det eit par spel som kom med maskina som dei eldste ungane hadde stor glede av då dei var mindre. Dei hugsar den maskina godt på grunn av spela.

Sjølv blei eg hekta på MacGolf, som var ganske forseggjort golf-spel for si tid. Eg blei ganske god, om eg sjølv skal seia det. Det er likevel det einaste positive forholdet eg har til golfsporten. Eg skjønar meg ikkje på den, rett og slett. Ein gong gav kabel-tv- leverandøren min meg Viasat Golf gratis i fleire månader, men eg klarte ikkje nytta meg av det.

Det forholdet eg har til golf, er det eg har til golfbanen til Fana Golfklubb. Det er eit svært spesielt forhold. Sommarhalvåret er det fullt av frustrasjon, sidan ei flott grøn lunge er stengt for oss heilt vanlege menneske, men så, men så... endeleg! Så er golfbanen ved Siljustøl offisielt stengt for sesongen - og opna opp for oss andre. Første offisielle stengedagen for golfarane og opningsdagen for oss andre var i dag. Det blei mørkt og kveld før eg fekk prøvd meg der, men eg berre måtte springa på vegar og bakkar - og bli god og blaut. 

Ah, no er me i gang. Ikkje-golfsesongen er offisielt opna!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar