lørdag 12. november 2011

Leikvang - Leikvoll

Då er den etter måten lange rekka av Gneist-arrangement for 2012-sesongen i gang. Det hende i Leikvang Friidrettshall lørdag, då det første av innesesongens stavstemne gjekk av stabelen.

Eg har høyrt ved fleire høve at Gneist-arar har kome i skade for å kalla hallen og staden for "Leikvoll" i staden for "Leikvang". Det er ikkje det mest unaturlege, med tanke på namnelikskapen. Når det er stavstemne i tillegg, så er Leikvoll-ane godt representert. Pappa Trond var dommar (saman med, i stavsamanheng, allestadsnærverande Paavo Moilanen frå Fri), medan Magnus (G16) og Eirik (G14) var to av dei til saman åtte deltakarane.

Magnus sesongdebuterte med 2,91, som gir 643 tyrvingpoeng, medan Eirik klarte 2,61 (793 poeng).

Tredje Gneist-ar på Leikvang var Pål Haugen Lillefosse. Pål fyller 11 år først til neste år, men i friidrettssamanheng er han 11 år frå og med stav-debuten i dag. Han hoppa over 1,81, som gir 818 tyrvingpoeng, og som er ny klubbrekord i G11 og 2012-sesongens aller første klubbrekord. Den gamle var på 1,70 og tilhøyrde Eirik Hovlandsdal (sett i 2000) og Eirik Leikvoll (sett i 2009) i fellesskap.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar