torsdag 24. november 2011

Spesialistar - Alle Tider, J14, 2011

1997-årgangen mellom jentene er prega av to, innimellom tre, spesialistar. Ja, eg veit det er opptil fleire 1997-jenter som er registrerte i Gneist, men fleire av dei likar best berre å trena så langt.

Mellom dei som konkurrerer, er duoen Ingrid Næss Johansen og Anna Serine Røssland dei ivrigaste. Og dei møtest stort sett også på dei same distansane - i alle fall så langt. Innimellom har dei i 2011 også hatt besøk av Ingrid Helene Nyhus. Til alt overmål er også Ingrid Helene med på så godt som dei same distansane som dei to førstnemnde. Ingrid Helene sparkar i tillegg fotball på opptil fleire fotball-lag i Gneist-systemet.

I Alle Tider-samanheng er det Ingrid og Anna Serine som får seg ei kvar si notering etter 2011-sesongen. Og kanskje seier det noko om at det trass alt er ei viss spesialisering på gang også mellom desse jentene?

Ingrid er inne på 3000 meter, med tida 10:54,07. Tida blei oppnådd under Fanalekene i haust og med den sletta ho Ingrid Sandvoll sin klubbrekord frå andre halvdel av 1970-talet. Ingrid Sandvoll hadde også beste tida oppnådd av ei 14 år gammal jente på distansen i Hordaland, slik at tida til Ingrid Næss Johansen er uoffisiell kretsaldersrekord - uoffisiell fordi distansen ikkje er "lovleg" for 14-åringar. Men i 2012 er Ingrid å rekna som 15-åring og kan, fullt lovleg, springa både 3000 meter og det meste anna. Etter planen står 3000 meter på programmet for henne under junior-NM i Sigdal i slutten av juli. På landsplan er tida til Ingrid, uoffisell aldri så mykje, den 12. beste oppnådd for 14-åringar gjennom tidene.

Anna Serine er, for andre året på rad, først og fremst inne med ei markering på 1500 meter hinder. Med 5:41,27, oppnådd alt under Framolekene i juni, har ho 9. beste tida gjennom "Alle Tider" for 14-åringar. Anna Serine satsar friskt på hinder også i komande sesong - der distansen ikkje minst finst på programmet under UM på Askøy siste dagen i august.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar