tirsdag 8. november 2011

PU-rapport

Lørdag 24. september starta Gneist Friidrett si PU-gruppe opp, i Hordnesskogen, med sju deltakarar. (PU står for psykisk utviklingshemma.) Sju veker seinare har medlemstalet blitt dobla til 14. Og rapportar fortel at fleire er på veg. Så langt har dette vore ein klar suksess.

Kvar lørdag kl. 12 møtest me, som hovudregel på Fana Stadion. Så langt har me vore særs heldig med veret. Eit par dagar har me nesten hatt sommarver på seinhausten, og me har knapt hatt regndråpar. Sist lørdag var me ein tur i Høiehallen på slutten av økta - Høiehallen vil vera tilfluktsstaden dei dagane veret måtte bli for ufyseleg utover, for det skjer nok etter kvart.

Øktene blir starta med oppvarming; ein eller fleire rundar rundt banen. Så har me ulike stafett-opplegg, før me prøver på distansetrening. Først har me hatt 40 meter, sist auka me til 60. På slutten har me litt leik av ulikt slag. Alt dette peikar fram mot måla om deltaking på ulike stemne og i mosjonsløp.

Gneist Junior er godt representert med assistentar. Me har fire av dei og dei er heilt nødvendige for å få dette til å gå rundt: Andreas Iden, Ole Martin Røssland, Vilde Omholt og Anna Serine Røssland.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar