søndag 27. november 2011

Stavklubben Gneist

Eg har i fleire år alt, av det eg naturlegvis vil kalla naturlege (-) grunnar, kalla Gneist for ein løpeklubb (springeklubb). Det er Gneist, heilt utvilsamt. Det er like lite tvilsamt at Gneist ikkje er nokon kasteklubb. I hopp kan ein kanskje seia at det varierer litt, men kan henda er meir det knytt til spesielle talent hos enkeltutøvarar (som gjerne også er svært gode, og til og med best, i løp) enn til ein spesiell filosofi i Gneist-systemet.

Men stav... Stavmiljøet i Bergen og omland har i fleire år vore styrt frå IL Fri, dvs. frå deira representant Paavo Moilanen - vår finske stavekspert. Han har mange artige eigenskapar, den viktigaste er kan henda at han er særs raus og er først og fremst stav-menneske. Han vil gjerne hjelpa barn og unge fram - dvs. opp - i/frå stavgropa.

No er det Gneist som har overteke "stavkarusellen", både inne og ute. I praksis er det Paavo og Trond Leikvoll som administrerer stemna, no sist i Høiehallen lørdag.

Marianne Benserud innleia sin 17-årssesong med fine 3,12. Det er verdt 968 tyrvingpoeng og er også Marianne sin første klubbrekord som 17-åring. (Ingvild Mundal Andersen har 3,07, sannsynlegvis utomhus.)

Brørne Leikvoll hadde også ein flott ettermiddag i hallen: Magnus (G16) kom seg over 3,02, som er sesongbeste og verdt 720 poeng, medan Eirik (G14) hoppa 2,82, som både er verdt 867 poeng og samtidig ei rekordtidleg kvalifisering til UM i 2013. (Eirik var jo over UM-kravet for 15-åringar på 2,60 alt i 2011-sesongen, men det var rett og slett for tidleg til å gjelda som kvalifisering til UM.)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar