Nei da, det er ikkje heilt tilfeldig at det blir hinder i Adelskalender-gjennomgangen i dag, 18. februar. Ole Martin Røssland fekk sitt portrett før jul ein gong, så då får det bli hinder i dag. Med litt tillemping så sniker Ole Martin seg inn på 11. plassen på Adelskalenderen, med sitt så-som-så- løp frå junior-Nordisk i Finland i 2013. Biletet nedanfor er frå UM-gullet på 2000 meter hinder på Askøy året før. Der sigra han over ein annan Portugal-farar, Kristian Tjørnhom.
Tilbake til at det ikkje er tilfeldig; dagens 20 års-jubilant treng ikkje vera utålmodig. På lista nedanfor finn ein både ein 40-åring (Aage Odfjell) og ein 43-åring! (Hans B. Sejrup), så dette er ikkje noko øving for dei aller yngste. (Hans B. Sejrup og Øyvind Ytrehus sprang mot kvarandre, på Fana Stadion i oktober 1982; Sejrup var då 21 år eldre enn konkurrenten.) Sjølv om Sigve Stenersen, klubbrekordhaldaren, motbeviser dette. Hans 9:05-løp er frå året han fylte 19.
1. Sigve Stenersen 9:05,74 (1989)
2. Vicente Modahl 9:10,35 (1981)
3. Carl Eirik Michelsen 9:16,6 (1983)
4. Terje Sejrup 9:21,3 (1979)
5. Arild Nordeide 9:25,5 (1981)
6. Torkjell Solbø 9:33,2 (1985)
7. Øyvind Gausvik 9:34,4 (1979)
8. Hans B. Sejrup 9:48,7 (1982)
9. Øyvind Ytrehus 9:52,3 (1982)
10. Aage Odfjell 9:53,2 (1986)
11. Ole Martin Røssland 10:01,84 (2013)
**
På kvinnesida er hinder-historikken i landet svært kort. Susanne Wigene - den gongen springar for Haugesund, no administrator i same klubben - blei tidenes første NM-vinnar på distansen, så seint som i år 2000.
Her er såleis Anna Serine Røssland åleine i Adelskalenderen så langt, med si 10:42,56-tid frå 2014.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar