fredag 20. februar 2015

Adelskalender, Gneist: 800 meter

Ein kan seia mykje fint om hinder, det er ei kjekk øving, heilt klart, men den er vel spesielt kjekk for underteikna av familiær årsaker.

Og 100 meter? Jo da, 100 meter er grei den, men definitivt ein oppskrytt distanse. Det er alltid mykje hype før 100 meter i meisterskapa - og den er fort over. Og rett som det er får me doping-nyhende kortare eller lengre tid etterpå.

Då vil eg i staden trekka fram 800 meter som sjølve gromdistansen. Her må en vera rask og uthaldande - og denne kombinerte kompetansen lokkar utøvarar frå 200 nasjonar.

Kvar gong ein norsk utøvar gjer det brukande i ein idrett for tida, så er det tidenes beste norske idrettsprestasjon. Det gjeld ho der som spelar golf og han der som spelar sjakk, til dømes. Petter Northug gjorde det brukande i poker også. For ikkje å snakka om herverande Osloavis-kommentator som meinte at signeringa til Martin Ødegaard, der nede i Madrid, var tidenes norske idrettsprestasjon. Jo da, der var det ein sportsjournalist som (igjen) hadde teke for mykje Møllers tran.

Nei da, Vebjørn Rodal sitt OL-gull frå 1996 er heva over alt. For å seia det på anna vis: At ein nordmann skulle gå bort og vinna 800 meter i OL, nei det var - og er - temmeleg utruleg. (Det blei, den gongen, olympisk rekord i tillegg.)

Det er kjekt å sjå at Norge no er i ferd med å få fram opptil fleire dugande 800 meter-løparar igjen - for begge kjønn.

I Gneist sin Adelskalender finn me to aktive løparar i kvinne-oversikten, med Renate Lie på 5. plass.



For menn går resultatgrensa på 1:55,50. Det betyr at det er grunn til å håpa på at nokon frå Bjarte Eikangers disiplar vil melda seg på denne lista i løpet av 2015. ("Bjarte Eikangers disiplar" høyrest elles ut som eit band frå den gongen eg var vanleg gjest i Hulen. No ja.)

Her er listene:

800 meter kvinner
1. Torunn Sandvoll 2:10.1 (1982)
2. Kjersti Kleppe 2:14,7 (1981)
3. Beate Sejrup 2:15,15 (1981)
4. Jannicke Damm 2:15,9 (1981)
5. Renate Lie 2:17,06 (2013)
6. Mai Britt Torkildsen 2:17,9 (1983)
7. Mary Ann Nordeide Hårklau 2:18,27 (1981)
8. Eline Myking 2:19,04 (2014)

800 meter menn
1. Thor Gjesdal 1:51,11 (1984)
2. Rodgeir Vigestad 1:52,7 (1984)
3. Øyvind Liland 1:52,88 (1983)
4. Rune Hovlandsdal 1:53,0 (1984) - 1:53,11 (1982)
5. Rune Dolvik 1:53,41 (1986)
6. Carl Eirik Michelsen 1:54,0 (1984)
7. Øyvind Ytrehus 1:54,3 (1981)
8. Petter Kleppe 1:54,9 (1981)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar