Første gongen eg registrerte namnet til Jens Larsen Åstveit (18 til våren) i friidrettssamanheng, då var Jens sprintar. I alle fall var det på dei kortaste distansane han stilte. Under Framolekene i 2011 blei Jens nr. 12 på 100 meter i G14, med tida 13,90 (elles like framfor Henrik Almenningen). Året etter forbetra Jens 100 meter-persen sin - også det under Framolekene - til 13,74. Den lengste distansen han sprang det året var 600 meter.
Så, som 16-åring, blei Jens mellom- og langdistanseløpar. Vel, først og fremst var han blitt triatlet - og triatletar spelar ikkje tennis. I alle fall spring dei ikkje 100 meter. I staden for blei det stadige persar på dei lengre distansane, der Jens heile tida har nærma seg dei beste. Framgangen har førebels kulminert med to UM-bronsar på tampen av 2014-sesongen: På 3000 meter under UM i Haugesund, på perstida 8:51,09, og på 4 km terrengløp på heimebane på Stend.
1500 meteren under Pingvinlekene nyleg tydar på at 2015 kan gi ytterlegare framgang.
Persar
100 meter
|
13,74 (Fana, 28. april
2012)
|
600 meter
|
1:27,94 (Fana, 11. mai 2013)
|
600 meter (i)
|
1:31,56 (Haukås, 10.
februar 2013)
|
800 meter
|
2:03,98 (Lillehammer, 7.
september 2013)
|
800 meter (i)
|
2:02,52 (Haukås, 24.
januar 2015)
|
1500 meter
|
4:22,58 (Fana, 1. juni
2013)
|
1500
meter (i)
|
4:06,68 (Haukås, 31.
januar 2015)
|
3000 meter
|
8:51,09 (Haugesund, 5.
september 2014)
|
3000
meter (i)
|
9:03,65 (Haukås, 25.
januar 2015)
|
5000 meter
|
16:03,70 (Lisleby, 8.
august 2014)
|
Medaljefangst i nasjonale mesterskap
UM
BRONSE, 4 km terrengløp, UM, 2014
BRONSE, 3000m, UM, 2014
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar