Landås, 9. februar 1997: Det er søndag, det er morsdag, det
er fastlavnssøndag. Det er til og med grytidleg søndag morgon. Nokon har lyst
på fastlavnsbolle. Andre har lyst på å bli fødd. Helst så tidleg som muleg.
Og Anna Serine fekk viljen sin, slik med ein gong.
Gratulerer med 18-årsdagen!
Nadderud, 7. juni 2008: Ei nervøs 11 år gammal jente prøver
så godt ho kan å førebu seg til 600 meter under Tyrvinglekene. Det er debut. Ho
kjem seg i gang. Dei andre spring fort, i fortaste laget. Først når det er 55
meter igjen til mål finn Anna Serine eit ukjent gir og spring fortare enn alle
dei andre (inkludert dei som er i mål for ei stund sidan alt). Tida blei
2:17,62, som gav 361 tyvingpoeng . Ein stad skal ein begynna.
Sesongen 2014 var eit eventyr for friidrettsutøvaren Anna
Serine. Vinteren 2014-2015 har vore svært trøblete og utfordrande, men på eit
eller anna tidspunkt kjem det nye sjansar. Ja, erfaringa fortel at dei nye
sjansane av og til kjem på uventa tidspunkt.
Høgdepunkt: deltaking i junior-VM i Eugene sommaren 2014,
hinder-gull i UM i 2012 og 2013 og medaljane – også det på hinder – i junior-NM
og hovud-NM i 2012 og 2013.
Persar
600
meter
|
1:49,80
(Fana, 13. august 2011)
|
600
meter (i)
|
1:57,27
(Haukås, 12. februar 2012)
|
800
meter
|
2:24,08
(Nadderud, 14. juni 2014)
|
800
meter (i)
|
2:26,18
(Haukås, 18. januar 2014)
|
1500
meter
|
4:40,32
(Gøteborg, 28. juni 2014)
|
1500
meter (i)
|
5:08,00
(Haukås, 8. februar 2014)
|
2000
meter
|
6:54,16
(Fana, 15. september 2013)
|
3000
meter
|
10:03,22
(Nadderud, 13. juni 2014)
|
3000
meter (i)
|
11:21,65
(Haugesund, 3. februar 2013)
|
2000
meter hinder
|
7:21,91
(Fana, 25. september 2013)
|
3000
meter hinder
|
10:42,56
(Eugene, 24. juli 2014)
|
Medaljefangst i nasjonale mestersdkap
NM
BRONSE, 3000 meter hinder, NM, 2013
SØLV, 2000 meter hinder, jr-NM,
2012
UM
GULL, 1500m hinder, UM, 2012
GULL, 1500m hinder, UM, 2013
SØLV, 4 km terrengløp, UM, 2012
SØLV, 3000m, UM, 2013
BRONSE, 2 km terrengløp, UM, 2014
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar