torsdag 5. februar 2015

Før inne-NM

Det er ein nesten uvanleg sterk og god tropp som reiser til inne-NM i Steinkjer til helga. Får håpa helsa til utøvarane held. Underteikna har nett karra seg på beina, og har teke til å registrera at folk i verda rundt driv med sine vanlege, løgne greier - heilt uavhengig av om eg ligg under dyna eller ikkje. No ja.

Veret skal bli surt i helga, også i Nord-Trøndelag. Så det er godt at inne-NM går innomhus, i ein god og framleis ny friidrettshall.


Troppen tel følgjande namn:

* Monika Benserud
* Martine Eikemo Borge
* Anders Bjørndal
* Espen Roll Karlsen
* Amund Høie Sjursen
* Stian Øvergaard Aarvik

Monika, Martine og Amund er utøvarane som kan markera seg høgast på resultatlistene, men heile gjengen er i brukande slag:

* Monika er påmeldt 60 meter (37 påmelde), lengde (22 påmelde) og tresteg (11 påmelde), der det er tresteg ho har største sjansane i, sjølv om ho også hoppa godt i lengde i Leikvanghallen sist helg.

* Martine er med på 400 meter og 800 meter. På 400 meter er det 15 påmelde utøvarar, på 800 er det 12 påmeldt. Det er til sommaren det skal springast skikkeleg fort. Det mest spennande er om Martine er i fortsatt framgang etter løpa i Sandnes og Leikvanghallen (på 800) nyleg.

* Amund er påmeldt 200 meter, saman med 46 andre (!). Amund har faktisk ikkje veldig mange 200 meter-løp bak seg, men han har vist at han har mykje å fara med også på den distansen. Når det er sagt, det er på 60 meter og i lengde sjansane er aller størst for Amund. På 60 meter kom eg ut av teljinga, men slik om lag 65 (!!) påmelde er det i øvinga. I lengde er det meir oversiktleg, med 16 på startlista, men det er gode sjansar for tette duellar for Amund her, slik han til dømes opplevde under inne-UM i Bærum i fjor.

* Espen spring 1500 meter, der det er 29 påmelde utøvarar. Her er det særs tøft selskap for Espen, På 3000 meter, der Espen får selskap av Stian, er det like mange på startlista, men her er det truleg muleg å koma seg høgare på plasseringslista for våre. Begge viste god form i dei lokale stemna nyleg. Elles får Stian og Espen selskap av Erlend Gjerdevik Sørtveit, den mest kjente Strindheim-utøvaren, sett frå Bergen sør, på 1500 og 3000. Erlend er i ferd med å bli omskulert til langdistanse-utøvar der oppe i det trønderske.

* På 800 meter er det Anders som er vår mann (Anders Bardal er elles frå Steinkjer, så det er gode voner om at Anders B. kan bli ein populær kar der oppe). 22 utøvarar er påmeldt - og her er det berre mulegheter.


... Eg spår meir når resultata ligg føre...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar