fredag 5. september 2014

Støvdjevlar - ei realitetsorientering

Eg har vore i styre og stell i friidretten lokalt dei siste seks åra.

Jada, eg veit det ikkje er så lenge, samanlikna med mange andre – men det er det det er.

Og ein skal passa seg vel for den klassiske hersketeknikken om kor lenge ein sjølv har vore med på ting, det er ikkje noko argument i seg sjølv, naturlegvis.

Men eg meiner eg har lært noko – og lært noko viktig.

Eg skal ikkje ta opp alt det eg meiner å ha lært her.

Her er temaet det forunderlege som skjer når nokon trer ut av fellesskapen av foreldre og ivrige entusiastar rundt barn og ungdom (i ulike aldrar) som driv denne kjekke idretten, og tar på seg ansvar i ein friidrettsklubb.

Dei aller fleste klubbar er drivne av slike, 100 % - slike som altså trer ut av fellesskapen for å, nettopp, driva ein klubb.

Men, her finst ein sentral feil: ein trer ikkje ut av fellesskapen. Ein er framleis del av den – eigentleg.

Det forunderlege som skjer er at andre i fellesskapen, dei som vel ikkje å tre ut av den – eller skal me no seia «tre ut av den» - og vera med i styre og stell, dei meiner at ein har tredd ut av fellesskapen.

Dei meiner at ein no skal stillast krav til.

Og det skal ein gjerne også, men på rimeleg vis.

Og med den respekten som burde følgja dersom ein faktisk innser at ein framleis er ein del av foreldre-/entusiast-fellesskapen, ein berre ønskjer – heilt frivillig og 100 % på dugnad – å bidra til at hjula går rundt.

Men, likevel, her skjer det noko forunderleg – og ved mange tilfelle, og for mange formål, noko ubehageleg.


Ytterst få – i røynda berre eit par – av dei mange hundre friidrettsklubbane her i landet er utstyrt med tilsette. Dei har gjerne svære arrangement – Oslo Maraton, Holmenkollstafetten – som kan gi grunnlag for ein slik luksus. Slike klubbar set me ein parentes rundt, dei er så definitivt unntak.

Så hender det at det finst klubbar som tilset nokon på basis av monopolpengar. Det er ikkje lurt. BFG Fana var i si tid ein slik klubb.

Men alle dei andre klubbane er styrte av frivillige, til vanleg foreldre, som trer ut av den i utgangspunktet glade friidrettske familie og ønskjer å bidra til at fellesskapen varer og gjerne blir styrkt.

I éin forstand er me som gjer dette «glade amatørar» - i den forstand at det altså er hundre prosent på fritida. I ein annan forstand er uttrykket feil; me opparbeider oss solid erfaring om gode og feile måtar å gjera ting på, blir klokare med åra.

Men, altså, ein del andre – utanfor styre og stell – trur at berre ein trer inn i, nettopp, styre og stell, ja så skal det krevjast som om ein gjorde dette arbeidet som eit (betalt) arbeid og ikkje på fritida. Dette er på mange måtar problematisk. Mest problematisk er det at det ligg ein grunnleggande mangel på respekt her, ei respektløyse som står i fare for å prega all kommunikasjon mellom dei utanfor som står for slike haldningar og dei som har teke på seg eit frivillig ansvar.

I tillegg har eg erfart at ein del utanforståande på eit eller anna vis lagar sitt eige fiktive rekneskap, der inntektene i ein klubb må vera temmeleg mykje høgare enn dei reelt er. Sjølv hardt, frivillig arbeid medfører ikkje så mykje meir inntekter enn det som må til for å få heilt basale ting – trenarar, reise til meisterskap – til å gå rundt.

Likevel har eg erfart at det kjem krav om at setelpressa må finnast fram og pengar lagast – i alle fall slik eg tolkar krav, omsett i praksis, både til den og til den og til den – og til dei. For når eg studerer rekneskapen til klubben, basert på dei heilt normale inntektene til klubben, som det er rimeleg å forventa at ein får til med frivillig innsats, ja så må det vera ei slik setelpresse som «er tingen», som er den tenkte løysinga. Ikkje veit eg. Kanskje er det muleg å kjøpa slike på nettet i våre dagar?

Når ein er samla i ein frivillig basert friidrettsklubb, der det er idrettsglede for utøvarane som skal stå i sentrum, så er det dette som må prega haldningane heile vegen.

Det er breiddesatsinga som får fram breidda også i foreldreinnsats og andre entusiastar. Då eg gjekk inn i styre og stell var mine eigne ungdommar i sine beste øvingar ein stad mellom 10 og 20 i årsklassen sin i landet. Men dei hadde det rasande kjekt, dei samla seg stadig fleire vener i miljøet – og jammen møtte eg ikkje mange svært hyggelege foreldre rundt om også.

Så kjem det, frå denne breidda og denne entusiasmen, nokre toppar. Desse toppane er det rimeleg at får strødd etter seg nokre ekstra midlar, i jakta på å bli endå betre.

Men ein kan ikkje forventa meir midlar enn det som er rimeleg. Ein kan ikkje ta for mykje av den kaka som skal omfatta alle – og kaka er nokolunde definert i storleik. Og ofte treng ein ikkje marsipan-rosa på kaka heller, for å oppnå måla. Det treng ikkje alltid vera så dyrt å nå toppen. Ofte er det betre å gjera det rette enn det dyre.

Av og til kostar det likevel ein del – og då må ein, i fellesskap, bretta opp armane og sjå kva som er muleg.

For det er berre det som er muleg som er muleg.


Det er frykteleg mykje kjekt i friidretten, det er det ingen tvil om.

Men det er også frykteleg mykje støv og skit – eg tenker på ein del som rir forbi i ufred som støvdjevlar, fritt etter min gamle ven Bruce.

Skal ein få redusert støvdjevlane, så er det heilt nødvendig med ei realitetsorientering. Og det er nødvendig med ein grunnleggande respekt i botnen av grunnleggande friidrettsk framferd:

·        Frivillig innsats er heilt nødvendig (frivillig innsats omsett i kroner og øre er for ein dels vedkomande verdt mellom 100.000 og 500.000 pr. år, omrekna i timeverk og normal timebetaling).
·        Dei frivillige er dødelege, heilt som vanlege folk, men dei har, altså, frivillig teke på seg å utføra ein ekstra innsats for at ungar og ungdom skal kunna driva med idretten sin på beste vis.
·        Ein vanleg norsk friidrettsklubb er aldri rik – og midlane bør nyttast til beste for fellesskapen.


Snart trer eg «inn igjen i fellesskapen» - sjølv om eg etter eige hovud i røynda har vore der heile tida. Ah, det skal – når den tid kjem – bli deilig å sleppa sjå seg over skuldera etter stadig nye fiendar og støvdjevlar. Det skal bli godt å ikkje få over seg kjensla til eg-songaren i låten til Bruce:

Eg har fingeren på avtrekkaren
Men eg veit ikkje kven eg kan lita på
Når eg ser inn i augo dine
Ser eg berre djevlar og støv



Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar