tirsdag 20. mai 2014

Lykke til med sesongen!

Hausten 2013 var eg i sterk tvil om eg ville halda fram med denne bloggen. Det var mykje "skit og padda" der ute, som min gamle kollega i Kvinnheringen ville sagt det.

Det var ein del som sleit veldig med å skilja mellom denne bloggen som mitt personlege uttrykk, med eigne synspunkt og med feil og manglar, og offisielle versjonar frå Gneist eller BFG Bergen. 

Konspirasjonsteoriar er overraskande nok mykje framme i friidrettens andedam. 

Sjølv om dei svært ofte ikkje har noko der å gjera, målt mot røyndommen.


Eg skreiv ei "programerklæring" for Bloggen 19. oktober i fjor - eller "Nye bloggen", om ein vil:

1. Dette er MIN blogg!

2. Bloggen er ikkje i regi av IL Gneist Friidrett

3. Mi tilknyting til Gneist pr. dato: Eg er trenar i Gneist Friidrett si PU-gruppe og eg har til og med utomhus-sesongen 2013 ført statistikk for Gneist.

3. Bloggen er heller ikkje i regi av BFG Bergen Friidrettsklubb.

4. Det siste punktet må presiserast ein gong til: Eg er styremedlem i BFG – som ein av ti. Det er altså ikkje eg åleine som bestemmer det som skjer i BFG…

5. ALL innsasts i Gneist og BFG er 100 prosent basert på dugnadsinnsats. Eit kvart reknestykke økonomisk går i kraftig minus. Det er andre typar reknestykke som går i solid pluss, når eg skal vurdera om det «er verdt det».

6. Bloggen er mitt con amore prosjekt innan friidretten.

7. Det inneber at eg har drive den fordi eg har glede av den.

8. Bloggen skal ikkje og kan ikkje bli ein arena for friidrettsk krangel og ufred. Og tru meg; den finst.

9. Har eg det ikkje kjekt med Bloggen, så sluttar eg – eller tar lengre pausar, saman med mine venner i musikken J

10. I Bloggen kan ingen og ingenting bli «utegløymt» i seg sjølv. Den treng ikkje vera uttømmande på alt og alle. HER er det EG som bestemmer. Eg skriv om akkurat det eg vil til ei kvar tid.


I dag, 20. mai 2014, tar eg den fridomen som er gitt meg gjennom Bloggaranes uskrevne fridomscharter og nyttar punkt 9 ovanfor - og tar ein pause på ubestemt tid.

Det er ikkje kjekt lengre.

Lykke til med sesongen!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar