tirsdag 16. september 2014

Flott opning på Husnes

Lørdag 13. september var det flott Opningsstemne på Husnes Stadion, i regi av Idrettslaget Trio. Om lag 50 utøvarar frå 11 klubbar deltok. Den nye banen er svært innbydande og den er i tillegg rask og god. Arrangement gjekk av stabelen i eit strålande seinsommarver, med om lag 100 tilskodarar til festen på banen. Leiar i IL Trio, Arne Torget, leia oss gjennom stemnet, som framifrå speaker.

Til opninga var eit splitter nytt elektronisk tidtakingssystem på plass, i tillegg til mykje anna heilt nytt utstyr. Husnes Stadion var ny i 1975, med den finaste raudgrusen. Seinare blei raudgrusen mindre fin og det var på høg tid med ei skikkeleg oppgradering til fast dekke.

Trio og Kvinnherad kommune har hatt fleire særs gode friidrettsutøvarar opp gjennom åra. Den fremste representanten for friidretten i kommunen gjennom fleire tiår, Tjerand Lunde (80), fekk æra av å klippa snora ved den offisielle opninga. Tjerand har arbeidd i mange år for at eit slikt anlegg skulle sjå dagens lys. Snora var symbolsk plassert mellom eit gammalt og eit nytt spyd. Det er klart for ei ny tid for friidretten i Kvinnherad.


Fleire gamle heltar var komne tilbake til Husnes for å kasta glans over stemnet. Mellom dei var Norges beste kulestøtar dei siste åra, Kristin Sundsteigen (opphavleg Trio, seinare Stord og no Tyrving) og topp-sprintaren i veteranklassen sin, Asle Offerdal (BUL). Jonathan Varela Byrkjenes frå Norna-Salhus sette flott ny banerekord på 100 meter på 11,11. Vindforholda for sprint var særs gode – frå +1,6 til + 2,0.

Det var naturlegvis fint for ein Trio-/Gneist-ar at Sanne Myrmel var til stades og kasta glans over arrangementet. Ho hoppa 2,70 i stav, fekk seg 200 meter på 31,11 (der var det dessverre ikkje vindmåling) og ho persa i lengde til 4,62 (pers med 6 centimeter).

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar