søndag 18. mai 2014

Nordre bydel og vel så det

Vel overstått 17. - og god sommar!

Det starta i løpet av den syttande - og i løpet av den attande har vergudane gått av skaftet. Veka som kjem skal bli av Syden-kaliber. Og me er i vårmånaden mai. Jo da.

Me får starta med "...og vel så det": AKS-leikane gjekk av stabelen på den gamle NM-arenaen i Knarvik søndag. Dette er eit etter måten lite stemne no. To BFG-utøvarar stilte i alle fall:

Sanne Myrmel var med på stavfesten, der Eirik Greibrokk Dolve hoppa 3,81 og Pål Haugen Lillefosse (G13) hoppa over 3,86. På Sanne blei det solid ny pers med 2,86. Den gamle utepersen var på 2,70 frå tidlegare i månaden, og ho har 2,72 ute.

Godt under pers blei det også på Emil Engelsen Holm 100 meter. Dessverre blei tida 11,34 oppnådd med heile 3,6 sekundmeter medvind - og det er i meste laget. Positivt var det uansett for Emil, som har slite med småskadar tidlegare i vår.

Så til nordre bydel der ein del av våre heltar sprang 5 km (og eit par slengarar også halvmaraton) under Åsaneløpet. På 5 km blei det to 4. plassar: Anna Serine Røssland i kvinneklassen og Stian Norheim i herreklassen. Silje Stenersen blei nr. 6 i kvinneklassen og Morten Seliussen, ungdomsalibiet, blei nr. 7 mellom mennene.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar