fredag 2. mai 2014

Lovande takter på Ask

Den 62. Askstafetten i området rundt Hop skole på Askøy 1. mai blei ein triveleg affære. I sola var det ganske ålreit, medan det utsette stader fanst ein bitande kald trekk. Utøvarane hadde, derimot, greie springeforhold.

Det var naturlegvis BFG sitt 4 etappars-lag i kvinner senior som stal overskriftene. Laget suste inn til ny rekord for denne stafetten - med 6.12. Det var BFG sjølv (rett nok i "Fana"-varianten) som hadde den gamle, med 6.18 frå 2012. Denne stafettvarianten - med akkurat desse etappane - er rettnok svært ny - slik at alle rekordar, både stafettrekrod og etapperekordar er frå dei aller siste åra. Det tar naturlegvis på ingen måte bort glansen frå fire solide etappar - av Vilde Lund Bjørnsen, Renate Lie, Martine Eikemo Borge og Monika Benserud. Dette er ein stafett som BFG har dominert dei siste åra, utanom fjoråret då det blei prioritert annleis mellom 4 etappars- og 6 etappars-stafettane.

Kvinner senior-laget over seks etappar tok mål av seg å finna plassen mellom dei to Gular-laga som var konkurrentar i klassen. Det gjekk. Det var rettnok eit godt stykke opp til 1. laget til Gular.

Mennene stilte med eitt lag i Senior B og eitt i junior-klassen. Det blei 2. plass på begge laga - og det var fleire gode etappeprestasjonar. I juniorklassen var Henrik Irgens Gravdal fattige to sekund bak sigrande Norna-Salhus på sisteetappen, etter ein framifrå etappe, og dermed to sekund bak å forsvara sigeren frå i fjor.


Ask-stafetten

2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
KJ
1
2
-
3
-         
2
-
KS (4)
1
1
1
1
1
2
1
KS (6)




2
1
2
MJ
1
3
2
2
3
1
2
MS-B
2
3
4
1
3
1
2


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar