lørdag 10. mai 2014

Prestasjonar av høg klasse i Oslos gater

Det blei to sterke BFG Bergen-prestasjonar under Holmenkollstafetten lørdag.

Kvinnelaget er no svært nære å vera eit pall-lag. Laget - som med nokre få unntak - framleis er svært ungt jafsar i seg av det forspranget som dei beste laga har hatt.

Frå 2012 til 2013 hoppa laget frå 10. plass til 6. plass. Forspranget til vinnarlaget blei kutta ned frå 7 minutt og 14 sekund til 5 minutt og 35 sekund.

Men dette kvinnetoget stoppar ikkje der. Frå 2013 til 2014 klatrar laget ytterlegare i plassering - frå 6. til 5. plass. Det er den beste plasseringa sidan 3. plassen i 2008. Men - viktigast - avstanden oppover er kutta med nytt jafs. Til vinnarlaget Vidar er avstanden no nede i 3 minutt og 34 sekund. Det er altså ein reduksjon i avstanden på over to minutt sidan i fjor! Avstanden til Gular - som klatra frå 3. til 2. plassen i år - er jo alltid spennande å følgja med på. Den var på 3 minutt og 55 sekund i 2013. I år er den kutta til 1 minutt og 9 sekund!

Strålande. Veldig mange av utøvarane sprang svært sterke etappar - og var mellom dei aller beste på etappane sine. Martine Eikemo Borge sitt come back på Homenkoll-laget - etter fleire år i USA - var eit solid pluss. Det er mange som bør nemnast. Eg har valt ut følgjande, i tillegg til nemnde Martine:

* Eline Myking med eit nytt sterkt løp, denne gongen på 2. etappe.

* Vilde Lund Bjørnsen, som knuste fjoråstida si på 3. etappe og stadfestar at ho er i rekordgod vårform.

* Debutant Ingvild Myking, som fauk opp Besserud-bakkane. Imponerande!

* Evigunge Pernille Thomassen, som imponerte på lang-etappen.

* Thyra Hevrøy, som sprang uhyre sterkt i Frognerparken.

* Elina Drivenes, som sprang 15 sekund fortare enn på same etappe i fjor - Elina er i gang igjen for fullt

Men 5. plassen kom etter solide prestasjonar over heile linja. Og desse utøvarane er i stadig framgang. Det er ingen grunn til å senka ambisjonane i 2015.

KVINNER:
2014
5. plass, Eliten
2013
6. plass, Eliten
2012
10. plass, Eliten
2011
7. plass, Eliten
2010
7. plass, Eliten
2009
6. plass, Eliten
2008
3. plass, Eliten
2007
6. plass, Eliten
2006
9. plass, Eliten
2005
11. plass, Eliten
2004
6. plass, Eliten


Herrelaget klarte å stabilisera prestasjonen topp 10. Det blei ein 9. plass, etter to 8. plassar dei siste to åra. I tillegg klarte laget å slå Stord, noko som blei eit viktig poeng, etter at sunnhordlendingane hadde gått høgt ut på førehand.

Både i tid og i avstand til teten går herrelaget noko tilbake frå i fjor, men dette er ikkje overraskande, all den tid det blei mange forfall i forkant. 

Igjen: Herrelaget er på sitt beste nivå på mange år. Oversikten nedanfor viser at det før 2012 var kamp rundt ned-/opprykk frå Eliten. Den avstanden er trygg no. 


MENN
2014
9. plass, Eliten
2013
8. plass, Eliten
2012
8. plass, Eliten
2011
16. plass, Eliten
2010
17. plass, Eliten
2009
19. plass, Eliten
2008
17. plass, Eliten
2007
3. plass, Menn senior (under Eliten)
2006
10. plass, Menn senior (unde Eliten)
2005
6. plass, Menn senior (under Eliten)
2004
(1, Menn junior – ingen lag i senior)

Mange flotte etappar også for mennene. Det er likevel uråd å koma utanom:

* Vegard Albrigtsen si flotte 3. etappe.

* Erlend Gjerdevik Sørtveit og Espen Roll Karlsen med solid innstas på høvesvis berg-og-dal og langetappen.

* Fin 5. etappe frå Andreas Iden.

* Miguel Blanco med nytt solid løp opp Besserud.

* Fin kortetappe-debut frå Henrik Almenningen.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar