mandag 5. mai 2014

Opningsstemnet

Tirsdag kveld er det i gang på Fana Stadion for 2014-sesongen. Det skjer med eit totalt deltakartal som om lag tilsvarer startlista på MS 1500 meter på det tilsvarande stemnet i 2008, då profilar som Sondre Nordstad Moen og Bjørnar Ustad Kristiansen prega Opningsstemnet.

Well, the times they are a-changin'

Det er ein miks av svært små heat (1-2 utøvarar) og 3-5 øvingar der konkurransen og heata er av god kvalitet.

400 meter, KS, inneheld seks gode namn, der Renate Lie og Vilde Lund Bjørnsen skal måla seg mot BFG-veteran Iren Vevatne Isaksen.

800 meter, KS, har så mange som 9 utøvarar på startlista. Her banedebuterer Ingrid Halvorsen Folvik frå Gular, men ho har også med seg formsterke Lena Indrebø frå same klubb, som møter Ingvild Myking (med 2.17 i fjor), Eline Myking, Elina Drivenes, Thyra Hevrøy og Anna Serine Røssland som BFG-representantar.

1500 meter, MS, er - saman med 800 meter, MS, øvinga med flest påmelde - 11 i talet. På 1500 meter er Halfdan-Emil Færø (Varegg) sterkaste namnet, medan Espen Roll Karlsen, Andreas Iden, Erlend Gjerdevik Sørtveit, Stian Norheim og Stian Øvergaard Aarvik er BFG-utøvarane i feltet.

På 800-meteren er det også ein Varegg-utøvarar som på papiret er tøffast imot for våre - Jonas Gjesdal. Frå BFG stiller Aleksander Lie, Espen Roll Karlsen (vel, Espen er påmeldt det meste tirsdagskvelden - så det blir vel eit val han gjer til sist kva han stiller på), Jan Jakobsen, Anders Bjørndal, Vegard Albrigtsen, Henrik Irgens Gravdal og Steffen Algrøy Boga.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar