lørdag 3. mai 2014

Kvifor er friidrettsfolk så trege?

Banesesongen er straks i gang på ordentleg. Det finst nokre svære stemne i løpet av eit år - NM, UM og... Opningsstemnet til BFG Bergen.

Vel, kva er det desse har til felles? Jo, dei er strenge med at det ikkje blir opna for etterpå-påmeldingar. Frå og med 2014 er dette altså også tilfellet med Opningsstemnet til BFG.

Påmeldingsfristen til tirsdagens stemne er så tett på som natt til mandag (kl. 24), altså mindre enn to døger før stemnet. Likevel vil det truleg koma utøvarar som forventar at det berre er å melda seg på der og då - av gammal (u)vane.

Kvifor må det vera slik? Kvifor kan ein ikkje berre melda seg på, liksom? - som ungdommane ville sagt det.

Nei, ikkje veit eg. I store stemne (utanom meisterskap) har ein gjerne påmeldingsfrist 1 - 2 veker før stemnet. Då er det naturlegvis muleg at ein etter påmeldingsfrist blir frisk frå sjukdom eller betre av ein skade. Det er til å forstå - sjølv om det ofte kan vera vel så fornuftig å trena seg litt opp og heller melda seg på neste stemne.

Men når påmeldingsfristen er 1 1/2 døger før stemnet, så er ikkje eit slikt argument gyldig. Her er det snakk om ein ukultur som har fått utvikla seg, fordi arrangørar flest er veldig snille og sympatiske friidrettsvenner, naturlegvis. Men her ligg det også ein dose friidrettsk snillisme, som ikkje berre er av det gode.

I staden kan arrangørar godt hjelpa til med oppdragelse, hjelpa til med å få utøvarane - og trenarane! - medvitne om konkurranseplanar og at det finst fristar for å melda seg på konkurransane ein har planar om.

... Så finst det, heldigvis, også småskala karusellar, med påmeldingar der og då. Og det må finnast kunnskap om kva som er kva.

I skrivande stund blir det eit lite, oversiktleg stemne tirsdag - basert på påmeldingane. Men fristen går ikkje ut på 38 timar enno...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar