tirsdag 6. mai 2014

Grand Opening

Det var ikkje så altfor mange deltakarane på årets Opningsstemne i regi av BFG Bergen - men det blei likevel temmeleg mange lyspunkt i den lokale sesongopninga.

Martine Eikemo Borge sprang mutters åleine på sin 600 meter, men det gjorde ho knallgodt. Tida 1:31,02 er ei av dei beste i landet på distansen gjennom tidene. Det er ny klubbrekord - og også betre enn beste 600 meter-tida til Martine frå USA-perioden (inne - ho hadde 1:31,35 frå Arkansas i januar 2012).

Veteranen Iren Vevatne Isaksen persa også, sjølv om eg ikkje kan hugsa når ho sist hadde ei 400 meter-tid... 59,55 er i høg grad småpent.

800 meter sprang Eline Myking inn til ny solid pers - under 2:20 i eit knallsterkt løp: 2:19,04. Den gamle persen til Eline var på 2:23,69, frå Bergenslekene i fjor.

Me noterer utepers på Anne Serine Røssland 800 meter: Tida 2:28,22 er nøyaktig halvtanna sekund framfor den gamle, sett så tidleg som under Bergenslekene i 2012. (I innesesongen var ho nede på 2:26.)

Henrik Almenningen pyntar stadig på løpspersane sine. Denne gongen blei det 12,43 på 100 meter (hadde 12,67 i Strandebarm i fjor sommar).

Stian Norheim sette ny utepers på 1500 meter. Tida blei 4:23,02, nesten sekundet framfor tida frå Gneistspelen i fjor. Stian sprang 16 hundredelar fortare enn dette igjen under Pingvinlekene i februar.

Espen Roll Karlsen sprang ein strålande 3000 meter, der han knuste eigen pers med 16 sekund, braut 9 blank-grensa med solid margin og kom i mål på 8:45,00.

Andreas Jensen spring 3000 meter på eit noko anna nivå enno, men 10:15,32 er fire sekund under persen frå mai for eitt år sidan.

Anders Bjørndal kom heim frå USA i fjor vår. Det markerte han med å bli under 2 blank-løpar på 800 meter under KM i juni. Tirsdag betra han persen på distansen med eit nytt sekund, i eit svært sterkt løp. Ny bestetid: 1:58,86.

Ein annan som stadig imponerer er Vegard Albrigtsen. Med 2:04,85 på 800 meer flytta han utepersen ned med godt og vel 3 sekund frå UM på Lillehammer i haust (2:08,19). Tida er også over 2 sekund betre enn tida frå inne-UM i Bærum i mars.

I tillegg til desse rekordane av ulikt slag kom følgjande sesongbeste tirdagskvelden:

* 12,65 på Monika Benserud på 100 meter.

* 14,20 på Michelle Floor Heggeland på 100 meter.

* 5:16,93 på Linn Seliussen på 1500 meter.

* Vilde Lund Bjørnsen har ikkje vore i betre vårform sidan 2011. Med 57,99 på 400 meter var ho eit kvart sekund bak persen frå Sandnes ein sommardag for nesten tre år sidan.

* Renate Lie sprang på 58,19 på 400 meter.

* Ingvild Myking noterte seg for 2:21,91 på 800 meter.

* Det blei 2:22,98 på Elina Drivenes på 800 meter.

* Og tida til Thyra Hevrøy på 800-meteren blei 2:28,53.

* Kristoffer Blücher var fattige fem hundredelar frå persen på 100 meter, då han sprang på solide 11,70. På 400 meter blei det eit nytt løp tett på persen for Kristoffer: 52,68.

* Erlend Gjerdevik Sørtveit sprang på 4:09,29 på 1500 meter.

* Andreas Iden kom i mål på 4:17,57 på 1500 meter.

* Ein halvskada Emil Engelsen Holm fekk tida 24,32 på 200 meter.

* Eit av dei største talenta i BFG har også eit av dei klokaste hovuda: Henrik Irgens Gravdal har bygt seg svært fornuftig opp gjennom vinteren etter diverse helsetrøbbel: Det førte til eit sterkt 800 meter-løp på 1:58,06, berre eit kvart sekund bak persen frå Tyrvinglekene i fjor. Og Henrik har mykje å gå på.

* Petter Rasmussen fekk seg 10:21,83 på 3000 meter, medan Egil Johan Hessen kom i mål på 12:45,18 på same distansen.

Baneopninga er over. No blir det stafett i Oslo for ein del og 17. mai-feiring og greier, før det tar seg opp igjen med stemne frå slutten av månaden.

Opninga lovar til dels svært godt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar