lørdag 10. mai 2014

Fanalekene - dag 1

Eg tenkte først at eg i dag skulle skriva noko indignert om Bergens Tidende som igjen er Gular-beskuande i sin friidrettsomtale - no seinast om Holmenkollstafetten. Det gjentar seg og gjentar seg: kan nokon gjera noko med den repeat-knappen no?

Det er enklare å visa til blogginnlegget frå i fjor om same temaet - og så får ein gå vidare i livet.

Til dømes til resultatlista frå 1. dag av Fanalekene fredag:

Fanalekene er først og fremst den første store mønstringa for barn og unge på Fana Stadion i år. Til Hovdingleikane kommenterte eg at dei yngste Gneist-utøvarane var sterkt sakna. Nokon meinte dei var å finna i Fyllingsdalen på KM i terrengløp 11-14 år. Eg kvakk litt då eg fekk resultatlista derifrå hin dagen, men nei, det var ikkje slik at det var veldig mange Gneist-utøvarar der heller. Kva så med Fanalekene? Jo da, her er ein del - og langt fleire enn på Leikvang sist helg, men eg trur eg vil la den generelle bekymringsmeldinga mi stå. Spesielt gjeld det på gutesida, jentene synest å vera meir i gang.

Så må eg nesten ta eitt besøk til den yngre garde når eg skal bli konkret også: Medan pappa Morten og søster Linn er klare for elitelaga i Holmenkollen lørdag, så sprang André Seliussen eit nytt strålande baneløp fredag. 9:48,82 blei tida hans på 3000 meter. André er 13 år, og 3000 meter er ikkje offisiell øving før han er 16. (Tida er verdt 900 poeng for 16-åringar...) Men me har anna å samanlikna med: André fekk seg med dette nemleg ny klubbrekord i G13 i Gneist. Den gamle hadde Henrik Irgens Gravdal - på 9:53,07 (frå 2011), så då - om ikkje før - veit me at dette var eit kvalitetsløp.

Så likar eg gjerne å skryta av Andreas Jensen, som også nærmar seg 10 blank-grensa veldig. Andreas arbeider iherdig og målretta - og han spring mykje. For kva kan ein seia om to 3000 meterar i løpet av tre dagar? Det blei ny pers på 10:15 under Opningsstemnet tirsdag. Fredag sprang han så tida si ned til 10:02,92.

I stav blei det utepers på Sanne Myrmel med 2,70. Det er 10 cm over høgda hennar frå Tyrvinglekene i fjor, og 2 cm bak innepersen frå i vinter. Eirik Leikvoll tangerte sin utepers frå Fanalekene i fjor, med 3,40.

Ingrid Sortland sesongdebuterte på 60 meter med tida 8,58.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar