mandag 8. april 2013

NM/UM i terrengløp, kort løype

KM i terrengløp er over. Til helga er det NM og UM i terrengløp, kort løype. Det er det Ringerike Friidrettsklubb som tar seg av, og då snakkar me om Hønefoss, Buskerud.

Arrangøren har fått mykje velfortent pepper på førehand for ikkje svært god informasjon og eit rotete påmeldingssystem, der det ligg usorterte påmelde i Min Idrett og ein bunke til i arrangøren sitt eige system. Til saman ser det svært amatørmessig ut. 


Dette gjer det også til eit mykje større arbeid å vurdera våre lokale terreng-springarar. Sidan det i skrivande stund ikkje ligg føre noko offisiell startliste - som har sydd saman alt det som finst av påmelde - ja, så må bloggarar og andre stakkarar gjerar arbeidet sjølv. 

Eg veit på ingen måte om eg har funne alle i dei aktuelle klassane, så dette blir omtrenteleg - og langt meir omtrenteleg enn underteikna likar:

G18/19 (NM, junior)
Her er det Ole Martin Røssland som deltar (i BFG-drakt). Eg har kome til 23 konkurrentar for Ole Martin, men det kan godt vera fleire. Her er det berre å bita seg fast i ei rekkje sterke løparar. At løypa "berre" er 2 km og truleg ei etter måten lett terrengløype også, er ikkje til Ole Martin sin fordel. Kristian Tjørnhom, Jørgen Frost Bø, Magnus Sirnes Hjellum og Erik Udø Pedersen er berre nokre av mange gode løparar i klassen.

G17
Stian Norheim er påmeldt i denne klassen, men Stian måtte stå over begge løpa på Skansemyren i helga på grunn av skade. Me får håpa at Stian får rett og god behandling og får skikk på beina til komande helg. Eg er komen til 14 utøvarar i klassen her - sånn circa. Anders Sørensen, Edvard Kamperud Nygaard, Mathias Berntzen Engevik og Markus Harbo er sterke namn.

G16
Her er det naturleg å tru at duellantane både frå KM lørdag og 2manns-stafetten søndag, Lars Lunde frå Stord og Stian Øvergaard Aaarvik frå Gneist, igjen kjem til å vera i hovudrollene. Joakim Sødal frå Kyrksæterøra må også reknast med i toppen. Medalje vil eg i alle fall tippa på Stian. Eg har identifisert 13 utøvarar i klassen.

G15
Og medalje - og truleg den gjævaste - er det rimeleg å forventa også i den yngste guteklassen, der Henrik Irgens Gravdal blir favoritten. Dette er ikkje ein omfangsrik klasse på lengre distansar - eg har kome til 11 utøvarar på startlista. Det er eit par ukjente namn for meg på lista, som dermed også kan overraska, men av dei kjente er det Thomas Jefferson Byrkjeland, som Henrik møtte seinast i inne-UM i Steinkjer, som verkar sterkast imot.

J16
I denne klassen florerer det av Gneist-jenter - til saman fem av dei til saman 16 påmelde i klassen er frå Gneist. Gneist-jentene vil også hevda seg ganske høgt oppe på listene. I teorien er det muleg med tredobbelt Gneist, men Johanne Lægran (vinnar av langløypa i haust), Maren Hauen, Stina Meinicke, Martine Svendsen og Nora Kollerød Wold er andre som kan hevda seg i toppen. Dei tre KM-medaljevinnarane frå Gneist må nemnast først - Ingrid Næss Johansen, Eline Myking og Thyra Hevrøy, men også Anna Serine Røssland og Elina Drivenes vil truleg hevda seg på øvste del av listene.

J15
I den yngste jenteklassen har eg berre funne seks påmelde utøvarar. Her er det truleg duka for ny duell mellom Mari Drabløs frå Tyrving og Renate Lie, og Linn Seliussen er bronsekandidat. Mellom dei tre andre er det mulegeins ein utfordrar i skiløparen Mari Hognestad frå Eidsvoll.

Så sjølv om arrangøren rotar, så får me forventa ei ryddig og god innstilling frå våre utøvarar. Om alle er friske og raske, så kan det bli så mange som seks medaljar lørdag - og i så fall ei tredobling frå Strandebarm i fjor.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar