fredag 19. april 2013

NM/UM i terrengløp (kort løype) - oppsummert


Ja da, det er ei lita veke sidan alt, men ein treningsleir er ein treningsleir. Og internett og epost er fyord. Dermed driv eg og oppsummerer både det eine og det andre, på harde livet, no i etterkant.

Det blei eit strålande NM/UM i terrengløp i Hønefoss.

Som spådd.

Så då blir det litt bloggsk sjølvskryt. Og sjølvskryt skal ein alltid lytta til – sidan det kjem frå hjartet:

Gutar 15 blei vunnen av Henrik Irgens Gravdal. Spådommen gjekk då også ut på at Henrik var favoritten. Henrik var fem sekund framfor sin argaste rival, 13 sekund framfor bronsen og over halvminuttet framfor nr. 4!

I gutar 16 var eg litt vag, men nemnde tre namn: Joakim Sødal, Lars Lunde og Stian Øvergaard Aarvik. Eg var ikkje dristigare enn at eg «i alle fall» tippa medalje på Stian. Det blei bronse – bak Sødal og Lunde. Stian var berre 1,9 sekund bak sølvet til Lunde, men var over ti sekund framfor nr. 4, så medaljen var trygg nok.

I gutar 17 blei det dessverre ingen start for Stian Norheim. (Når det er sagt; her blei fire namn nemnde som favorittar; tre av dei tok medaljane.)

I Menn junior (18/19) var det Ole Martin Røssland, som representerte dei lokale heltane - i BFG-drakt ved dette høvet. Førehandstipset gjekk på at Ole Martin kom til å hamna midt i laget, han blei nr. 11 av 22. Dei tre førehandstippa medaljekandidatane blei nr. 1, 3 og 4. Og så er det berre å ønska Magnus Hannevig Pettersen (Sturla) vel tilbake i konkurransedrakt og i toppen - han blei nr. 2.

Jenter 15 gav ein skikkeleg bommert: Mari Drabløs frå Tyrving vann, rettnok (klart; med 13 sekund), men det var Else Bratteland frå Sørild som blanda seg inn og «tok» sølvet frå Renate Lie – med eitt sekunds margin. Linn Seliussen, som var bronsekandidat, hamna på 4. plass (11 sekund bak bronsen).

Også i Jenter 16 bomma eg på Kristine Gundersen (Børsa) som medaljekandidat – i alle fall var ho utegløymt. Men tipset om at dei fem Gneist-jentene kom til å hamna høgt oppe på listene slo til, det same gjorde tipset om rekkefølgja på dei fem: Ingrid Næss Johansen slo til med gull, sekundet framfor nemnde Gundersen, og 12 sekund framfor Eline Myking på bronseplass. Berre eitt sekund bak Eline kom Thyra Hevrøy på fjerdeplass, som igjen var fem sekund framfor Anna Serine Røssland på femte. Elina Drivenes kom på 9. plass, godt og vel halvminuttet bak lagvenninne Ingrid. Dette er ein sterk gjeng!

Til sist:
Rebecca Wade frå BFG tok ein flott 6. plass i kvinneklassen, to sekund framfor eks-BFGar Silje Arnøy. 

Eg sa det kunne bli "så mange som" seks medaljar - det blei fem. Det er ein auke på 150 % frå Strandebarm-meisterskapet i 2012. Og til neste år er kortløype-meisterskapet ein ferjetur unna - på Stord, så då blir troppen endå større og sterkare.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar