mandag 29. april 2013

Historietime: Hovud-NM 2006

Hovud-NM i 2006 gjekk av stabelen på ein idrettsbane i Oslo, som ber namnet Bislett. Då eg vaks opp var Bislett først og fremst skøytearena - i alle fall for meg. Ja, ikkje slik at eg gjekk på skøyter der. Eg gjekk knapt på skøyter nokon stad. Eg gjekk pittelitt på skøyter på Opsangervatnet nokre kalde vintrar, men eg gjekk ikkje så mykje på skøytene som på det stoffet dei var laga av.

No ja, eg såg altså på skøyter. Og det var på tv. Eg fekk aldri "gleda" av å stå og frysa på Store Stå, eller deromkring.

Men det gjævaste med skøyteløp for meg, både på Bislett og andre stader, var dei lengste løpa. Då laga broderen og eg skjema til både 5.000m og 10.000m. Og det var milslukarane som var dei store heltane - i nauda allroundarane. Difor var det Sten Stensen som var den store helten i mine barndomsår, medan det berre var flaut då Rolf Falk-Larssen trippa rundt på 10.000 etter å ha vunne dei tre første distansane under VM på Bislett i 1983. Etter den gamle regelen blei han meister fordi han hadde vunne tre distansar, sjølv om han blei slegen i samandraget av svenske Tomas Gustafson.

Alt dette for å fortelja at hovud-NM i friidrett på Bislett i 2006 ikkje blei så sterk affære for BFG, slik i breidda. Det var etter måten få deltakarar med, som med eitt heiderleg unntak ikkje markerte seg noko særleg.

Og det heiderlege unntaket markerte seg skikkeleg og - vel, for første og einaste gong - vann både 5.000 og 10.000 under NM. Me snakkar om Kirsten Melkevik (Otterbu). Med 34:36,10 var ho over halvminuttet framfor nr. 2 på 10.000. Vinnartida på 5.000 blei 16:19,41 - ganske nøyaktig eit halvt minutt framfor sølvvinnaren.

Så: To gull blei ein god fasit, sjølv om breidda ikkje var den heilt store - og det blei eit par magre år mot slutten av tiåret.

Og no, i dag, er Bislett berre friidrettsarena (etter at Vålerenga flytta til Ullevaal med fotballen sin også). Ingenting er som det var før.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar