lørdag 29. oktober 2011

Pålitelege Osterøy

Alt no, i slutten av oktober 2011 og før (om enn berre timar før) sommartida er slutt, så er Osterøy IL klare med datoar for sin karusell i 2012.

7. mai, ei god veke seinare enn vanleg, er det planen å starta. Ofte har me vore ein gjeng og fått banetrening alt i slutten av april, seinast i år då til dømes Casper Stenersen var av garde og sletta pappa Sigve sin klubbrekord på 1000 meter. Så følgjer det karusellar 21. mai og 27. juni.

Karusellane først i juli, 9. og 11. juli, er førebels sett opp som høvesvis reine kast- og hopp-stemne, medan karusellen den 18. juli - og for så vidt den 27. juni - er øyremerka for løp.

Dei tre siste datoane skal det etter planen vera øvingsprogram i alle tre øvingsgreiner. Det er 1. august, 20. august og 22. september.

I tillegg inviterer Osterøy på ny til friidrettsfest for 13- og 14- åringar 8. og 9. september (NCC-lekene). Og endeleg: Medan dei stakkars veteranane dei to siste sesongane er blitt forviste til haustregnet og hauststormane si tid, oktober månad, for sitt KM, så har Osterøy alt teke på seg KM for veteranar, tidleg i sommar, då det garantert blir 20+ og så godt som vindstille. Me snakkar om 4. og 5. august.

Til neste år må det bli ferie på Lone(våg) camping...

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar