torsdag 6. oktober 2011

Lagserien - 1. prognose

Ja da, eg veit eg må ta det med ro i svingane, no når me er  komne til den tida på året at galne statistikarar ikkje snakkar om anna enn denne "Lagserien".

Igjen: Friidrett er - med eit par-tre småunntak - ein individuell idrett. Når så sesongen er slutt gjer ein den likevel om med eit lagfokus. Me snakkar i denne samaheng om Hordaland Friidrettskrets. For 10- 19 år skjer dette slik:

Dei beste resultata etter Tyrvingtabellen for kvar enkelt utøvar gjeld. Det vil altså seia at ein utøvar berre kan ha eitt resultat med i ei enkeltøving, men kan vera representert med ei rekkje ulike øvingar.

Kvar klubb kan melda på fleire lag i serien. Dei individuelle resultata blir omgjort til del av eit lag. Ein har på førehand bestemt kor mange resultat som tel i kvar øvingsgrein (løp/hekk/hopp/kast) i kvar divisjon. Dei enkelte laga har si plassering i divisjonar basert på fjorårsresultat. (Talet på resultat pr. øvingsgrein pr. divisjon kjem eg tilbake til - etter kvart.)

Fristen for innsending av serieresultat er 20. oktober. Så tar det ein del veker deretter før resultata blir offentlegjort. Gneist vann jenteserien i fjor og blei nr. 2 i guteserien, men Gneist har fire lag for kvart kjønn og alle laga gjorde det glitrande i fjor, slik at Gneist stiller med to lag i Elitedivisjonen både for gutar og jenter i 2011.

Elitedivisjonen har åtte lag, 1. til 4. divisjon har ti lag. (Resten, under der, er i 5. divisjon.)

Basert på ein aller første gjennomgang - og berre basert på Gneist sine resultat - kan ein slå fast følgjande:

GUTAR:
* 1. laget i Elitedivisjonen ligg ca. 1000 poeng betre an enn i 2010, då ein enda på 2. plass. Den førebelse poengsummen er betre enn vinnarsummen til Norna-Salhus i fjor.
* 2. laget rykka opp til Eliten frå 1. divisjon i fjor. Poengsummen så langt kan tilseia at 2. laget klarer å halda på plassen i Elitedivisjonen, slik at me også får to lag der i 2012.
* 3. laget vann 2. divisjon og rykte opp i 1. divisjon i fjor. Poengsummen så langt viser at 3. laget vil vera på "øvre halvdel" i 1. divisjon og ikkje svært langt unna endå eit opprykk.
* 4. laget vann 4. divisjon i fjor og rykte opp i 3. divisjon. Poengsummen så langt ville halde til ein 2. plass - opprykksplass - i 3. divisjon i fjor.

Alt i alt ser det altså uhyre sterkt ut på gutesida!

JENTER
* 1. laget har mykje å forsvara, det vann altså Elitedivisjonen i 2010. Her ligg bestelaget ca. 1000 poeng bak fjorårspoengsummen, slik at sigeren kan bli tung å forsvara.
* 2. laget rykte opp frå 1. divisjon til Eliten i fjor. Basert på fjorårstala kan det blir nedrykk igjen i år, men her ligg det og vippar.
* 3. laget tok ein sterk 3. plass - like under opprykksplass - i 2. divisjon i fjor. I år ligg også dette laget noko bak skjema og plasserer seg rundt midten i 2. divisjon.
* 4. laget blei så nr. 4 i 3. divisjon i 2010. Det laget ligg ca. 400 poeng betre an enn i fjor, men kjem til å hamna rundt same staden som i fjor - trygt rundt midten i 3. divisjon, altså.

Fleire av laga mellom jentene ligg altså og vippar her, så dette blir spennande.

Her er interessante utviklingstrekk også mellom øvingsgreinene frå 2010 til 2011. Meir om dette følgjer.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar