lørdag 27. september 2014

20. januar 1961 - 27. september 2014


Dette innlegget er inspirert av eit par vidgjetne linjer frå ein tale til ein amerikansk president. Det finst faktisk ein del av dei; fleire amerikanske presidentar har vore gode talarar. Dei som kjenner meg godt, veit at amerikanske presidentar er noko eg har brukbar greie på.

Eg har også brukbar greie på friidrett etter kvart. Eg har mellom anna hausta erfaring frå styre og stell på lokalt nivå.

Det er fleire ting som er slåande, éin av dei er kort fort ein blir «stor stjerne». Kor fort ein finn det for godt å krevja, framfor å bidra.

Denne haldninga kræsjar så fundamentalt med den verkelegheten som friidrettsklubbar flest finn seg sjølve i her i landet: Sjølv fleire av dei største klubbane er etter måten små når det kjem til økonomisk ryggrad. Dei aller fleste blir drivne 100 prosent på dugnad. Dei aller fleste skaffar økonomiske midlar til «det aller mest nødvendige», for at ungar – frå rekruttalder og oppover – skal få ha det kjekt med friidretten.

Nokre få av utøvarane vil også satsa.

Nokre av desse vender seg til klubben sin for å krevja relativt store midlar til eiga satsing.

Det er den same klubben som blir driven 100 % på dugnad og som stort sett har økonomiske midlar til «det aller mest nødvendige»: trenarar, startkontingent og reiser til meisterskap.

Med andre ord: I den augneblinken ein tar til å krevja større bitar av fellesskapskaka, så tar ein frå andre sine tilbod – i alle fall dersom det er slik at ein ikkje klare å auka kaka.

Det kan ein naturlegvis gjera. Men det er framleis dei same, som engasjerer seg 100 % på dugnad, som i så fall må auka kaka.

Skal vilkåra bli best muleg, må alle bidra – også dei som kjenner at dei fortener meir, på grunn av sportsleg nivå.

Men det er også slik at dei som har lykkast sportsleg skuldar ofte klubben og miljøet ein god del: Dei rammevilkåra som har gjort det muleg å lykkast, og det miljøet som har gjort at ein har blitt verande i idretten heilt til ein har lykkast sportsleg.

Dette siste er det alt for mange som gløymer i den augneblinken dei ser ei stjerne når dei ser seg sjølve i spegelen.

No er det ikkje slik at ikkje desse kan ha behov for økonomiske midlar, for å nå lengre. Men her må utøvar, trenar og klubb i fellesskap tenka kreativt og prøva henta ut meir frå eksterne kjelder.  Dette er absolutt muleg, det har vist seg ved fleire høve.

Så, mine friidrettsvenner: spør ikkje kva friidretten og klubben din kan gjera for deg – spør kva du kan gjera for friidretten og klubben din. Spør ikkje kva «dei andre» kan gjera for deg, men om kva me i fellesskap kan utretta – for fellesskapets beste.

(Fritt etter John F. Kennedy sin innsettingstale, Washington D. C., 20. januar 1961)


torsdag 25. september 2014

Avslutning

BFG Bergen arrangerte onsdagskvelden "Avslutningsstemnet" på Fana Stadion. Dette er ein tradisjon starta av Gneist i 2009, det var med andre ord sjette året på rad at siste onsdagen i september blei brukt til ei slags avslutning av banesesongen. (Men neste onsdag er det siste Norna-karusell på same bane!)

Deltakinga var tynn, berre 15 i talet under faktisk brukande forhold. 100 meter og 600 meter gjekk ut, fordi ingen ville delta her.

Dette var eit junior- og seniorstemne. Dei første åra var også dei yngste - frå 11 år - med, og her er mange etter kvart kjente namn som har brukt opp siste sesongkreftene i dette stemnet:

* I 2009 sprang Vilde Lund Bjørnsen (13) 80 meter på 10,71

* Same året sprang Henrik Irgens Gravdal (11) same distansen på 11,81

* Også Kristoffer Blücher (12) og Jonas Gjesdal (13) har markert seg på denne distansen, med 11,28 på Kristoffer i 2011 og 10,59 på Jonas i 2009. Same året var Jonas nede på 2:51,65 på 1000 meter.

* Vilde Svortevik (16) sprang 100 meter på 12,85 i 2010. På 200 meter blei det 40,29 same året.

* Den kjende stavhopparen Paula Llano (den gong 14) sprang 600 meter på 1:38,93 i 2009.

* Renate Lie (14) sprang 1000 meter på 3:04,85 i 2012.

* Andreas Iden (14) sprang 1000 meter på 2:48,41 i 2009.

**

I år kom Bergenslekene tett på Avslutningsstemnet. Dei tidlegare åra har det vore om lag ti dagar mellom dette siste store stemnet i byen og Avslutninga. Til neste år ser det ut til at årets tidspunkt for Bergenslekene blir vidareført. Ei opning for 11+ igjen under Avslutningsstemnet er truleg fornuftig.

mandag 22. september 2014

Bergenslekene (dag 2) og litt til

Det har vore større deltaking på Bergenslekene tidlegare, det har det så definitivt. Det har også vore betre forhold under eit friidrettsstemne enn ein fekk oppleva i vinden på Leikvang søndagen.

På resultatlista manglar eit av dei store høgdepunkta: I solid medvind, rettnok, sprang trioen Pål Haugen Lillefosse (23,7), Ben Jeffrey (Florø) og ein av dei store kometane i år, Andreas Haara Bakketun, ein strålande 200 meter i G13.

Godt vindresultat på same distanse noterer me også på Jakob Jamt Ånonli. Han sprang på 25,02 i +3,9. Persen til Jakob er på 25,51 frå Strandebarm i sommar. Og endeleg blei det solid "vindpers" også på Malin Marie Rosvoll Olsen, som sprang på 27,59 i +3,5. Persen hennar er frå Framolekene i år, på 28,48.

*

Til sist i oppsummeringa tar me med persen til Andreas Jensen på 1500 meter frå seriestemnet i Arna sist onsdag. Andreas sprang då på 4:37,15, om lag fire sekund under gamlepersen, frå midt i august.

søndag 21. september 2014

Frå Bergenslekene - dag 1

Sjøl driv eg og drar på foten for tida, bokstavleg talt, så desse inntrykka er utelukkande frå resultatlister.

Først til Erlend Gjerdevik Sørtveit, vår representant i det trønderske, som slo til med pers på 1500 meter i Stjørdal lørdag. Tida, 4:04,58, er godt og vel halvsekundet betre enn den gamle, også den sett i Trøndelag, under junior-NM i Overhalla sommaren i fjor.

Så innanriks: Årets Bergenslekene er flytta frå Fana Stadion til Leikvang (utandørs, naturlegvis). Det skjer fordi Bergenslekene går ei veke seinare enn vanleg og dermed kræsjar med Fanamilen på Fana Stadion. No ja.

Sondre Rinde sprang 200 meter hekk på 27,83, ei persbetring på om lag tre tidelar frå tilsvarande stemne i fjor. 

Så fekk me solide 100 meter-løp frå Ingrid Sortland og Malin Marie Rosvoll Olsen. Ingrid persa frå 13,51 til 13,11 (!), frå 100-meteren sin under Framolekene på forsommaren. 13,11 er ni hundredelar under kravet til junior-NM! Også Malin Marie sin gamle pers, på 13,63, var frå Framolekene. Lørdag senka ho den ned til 13,45. Renate Lie sprang vel sin første 100 meter for sesongen, med 12,95 (ein tidel bak persen frå fjoråret).

Til sist frå dag 1 registrerer me nytt stemne for Nora Øvergaard Aarvik, som gjorde eit slags come back under UM i Haugesund. Lørdag blei det ny pers i lengde, på 4,52. Den gamle utepersne var frå juni i fjor, på 4,24, medan persen innomhus er på 4,51, frå januar i år.

torsdag 18. september 2014

Gneist igjen best mellom dei yngste

Dei var ei dramatisk melding som gjekk ut frå denne bloggen i juli i fjor - "Gneist er detronisert" (13. juli 2013). Det var eit innlegg som presenterte ein oversikt over medaljevinnarane i KM 11-14 år. Det var ein oversikt Gneist ikkje berre hadde vunne, men som klubben hadde dominert i perioden 2009 - 2012. I 2013 var så Fana forbi Gneist - med god margin.

I 2014 er Gneist tilbake på toppen, målt etter talet på gull-medaljar. I tal på medaljar totalt er Fana relativt klart best. Dei to klubbane er, etter alle typar mål, suverent dei to beste klubbane i 11-14 år i Hordaland.

Også Bergens Turenforening var oppe forbi Gneist i fjoråret, men denne klubben hadde ein langt svakare medaljefangst under årets KM og fall ned på 4. plass. I staden hoppar Ask Friidrett opp frå ein 7. plass i fjoråret, med 9 medaljar totalt, til ein flott 3. plass i år - med 12 gull åleine og heile 28 medaljar totalt.

Her er først oversikten over medaljefangsten i årets KM 11-14 år:


Gull
Sølv
Bronse
Gneist
30
15
9
Fana
23
17
25
Ask
12
9
7
Bergens TF
11
7
7
Norna-Salhus
9
10
2
AKS-77
8
11
11
Viking
4
5
4
Skogsvåg
4
3
1
Bjarg
1
2
0
Osterøy
1
1
2
Laksevåg
1
1
1
Voss
0
3
1
Os
0
2
4
Søreide
0
2
0
Sædalen
0
0
1
Nordre Fjell
0
0
1


Tabellen nedanfor viser utviklinga i medaljefangst i KM 11-14 dei siste sju åra. Den viser at nokre klubbar er på veg nedover, som Norna-Salhus og - i høg grad - Laksevåg, samanlikna med dei første åra i denne perioden. Fana er på full fart framover, inkludert 2014, sjølv om dei måtte vika topp-plassen til Gneist i år. Målt i tal på medaljar har Fana auka frå 53 i fjor til 65 i år. Merk også at Fana tok så mange som 25 (!) bronsemedaljar. Det skjer mellom anna fordi Fana har veldig mange utøvarar med i enkelte øvingar/klassar. Bergens Turnforening har vore på solid frammarsj, men fekk seg eit kvilesteg i 2014.


2008
2009
2010
2011
2012
2013
2014
Gneist
13-14-10
30-26-22
32-25-16
40-28-20
41-15-9
16-10-5
30-15-9
Fana
6-13-5
7-7-7
7-8-11
15-15-11
9-14-10
22-17-14
23-17-25
Norna
22-16-7
26-24-18
18-6-7
13-13-8
11-5-3
9-2-3
9-10-2
Laksevåg
22-14-15
11-10-6
6-6-6
3-0-1
0-1-1
0-1-1
1-1-1
Bergens TF



12-9-7
13-15-11
21-19-15
11-7-7


tirsdag 16. september 2014

Flott opning på Husnes

Lørdag 13. september var det flott Opningsstemne på Husnes Stadion, i regi av Idrettslaget Trio. Om lag 50 utøvarar frå 11 klubbar deltok. Den nye banen er svært innbydande og den er i tillegg rask og god. Arrangement gjekk av stabelen i eit strålande seinsommarver, med om lag 100 tilskodarar til festen på banen. Leiar i IL Trio, Arne Torget, leia oss gjennom stemnet, som framifrå speaker.

Til opninga var eit splitter nytt elektronisk tidtakingssystem på plass, i tillegg til mykje anna heilt nytt utstyr. Husnes Stadion var ny i 1975, med den finaste raudgrusen. Seinare blei raudgrusen mindre fin og det var på høg tid med ei skikkeleg oppgradering til fast dekke.

Trio og Kvinnherad kommune har hatt fleire særs gode friidrettsutøvarar opp gjennom åra. Den fremste representanten for friidretten i kommunen gjennom fleire tiår, Tjerand Lunde (80), fekk æra av å klippa snora ved den offisielle opninga. Tjerand har arbeidd i mange år for at eit slikt anlegg skulle sjå dagens lys. Snora var symbolsk plassert mellom eit gammalt og eit nytt spyd. Det er klart for ei ny tid for friidretten i Kvinnherad.


Fleire gamle heltar var komne tilbake til Husnes for å kasta glans over stemnet. Mellom dei var Norges beste kulestøtar dei siste åra, Kristin Sundsteigen (opphavleg Trio, seinare Stord og no Tyrving) og topp-sprintaren i veteranklassen sin, Asle Offerdal (BUL). Jonathan Varela Byrkjenes frå Norna-Salhus sette flott ny banerekord på 100 meter på 11,11. Vindforholda for sprint var særs gode – frå +1,6 til + 2,0.

Det var naturlegvis fint for ein Trio-/Gneist-ar at Sanne Myrmel var til stades og kasta glans over arrangementet. Ho hoppa 2,70 i stav, fekk seg 200 meter på 31,11 (der var det dessverre ikkje vindmåling) og ho persa i lengde til 4,62 (pers med 6 centimeter).

mandag 15. september 2014

Stian Øvergaard Aarvik

Søndag tikka det inn melding om at Stian Øvergaard Aarvik (17) hadde oppnådd 5. plass i VM i motbakkeløp for juniorar i Italia.

Det er råsterkt!

Men, på eit vis, var det ikkje noko sjokk. Stian har brote mange barrierar alt, og framfor alt likar han motbakkespringing veldig godt. Det har han gjort lenge.

Eg må vedgå at min kunnskap var for tynn om motstandarane i juniorklassen (og i seniorklassen, for den del) til å kunna spå på førehand om Stian sine sjansar. Det vil den truleg vera framover også, men no veit eg - og me alle - at Stian er kapabel også internasjonalt. Det er kunnskap god nok.

Det skal bli rasande moro å følgja Stian vidare. Naturlegvis fordi han er flink, men kanskje først og fremst fordi han er ein svært hyggeleg og sympatisk ung mann!

Igjen: Svære gratulasjonar til Stian!

Og, sjølvsagt, store gratulasjonar til resten av familien Øvergaard Aarvik også!

fredag 12. september 2014

PEAB-leikar på Osterøy

Osterøy er på ny arrangør av regionsleikane for 13- og 14- åringar - frå Agder-fylka, Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane. Dei siste par åra er det PEAB som har vore sponsor for leikane, etter at NCC var det før den tid.

Dei siste åra har Gneist vore dominerande i Hordaland sin tropp, ein tropp som har hatt for vane å bli beste krets år etter år. I år har derimot Fana IL overteke som den som relativt klart leverer flest utøvarar til Hordaland sin tropp. Heile 12 utøvarar kjem frå Fana, så mange som 7 åleine frå G14-klassen.

Årets tropp frå Hordaland inneheld følgjande Gneist-utøvarar:

J13
- ingen

J14
- Anna Evensen (60m hekk, 200m hekk, lengde, tresteg)
- Silje Stenersen (600m, 1500m)

G13
- Andreas Haara Bakketun (60m, 200m, lengde)
- Hans-Magnus Haukøy (600m, 1500m)
- Pål Haugen Lillefosse (60m hekk, 200m hekk, høgde, stav)
- Håvard Rinde (60m hekk, tresteg, kule, spyd)
- André Seliussen (600m, 1500m)

G14
- Gjert Høie Sjursen (60m, 80m hekk, lengde, diskos)

Til saman blir det 8 Gneist-utøvarar, som er ein liten nedgang frå dei siste åra (sjå nedanfor). Spesielt er det nedgang på jentesida dette året (2), medan talet på gutar held seg stabilt på 5-6.

Like bak Gneist, som er nr. 2 av klubbane som leverer flest utøvarar til Hordaland sitt lag, finst Ask, som openbart gjer ein solid jobb med sine yngste, med 7 utøvarar. Også Bergens Turnforening har 7 utøvarar med. Av andre kjente klubbar har Norna-Salhus 4 med, Laksevåg 2 og Bjarg 1.

Nedanfor oversikt over Gneist-utøvarar på regionsleikane dei siste tre åra:

2011
J13: 3
J14: 3
G13: 3
G14: 2
Totalt: 11 (6 jenter, 5 gutar)

2012
J13: 2
J14: 3
G13: 3
G14: 3
Totalt: 11 (5 jenter, 6 gutar)

2013
J13: 3
J14: 2
G13: 3
G14: 2
Totalt: 10 (5 jenter, 5 gutar)

torsdag 11. september 2014

Poeng-UM

I fjor vann Gneist UM-statistikken både på medaljar og på poeng. Det siste var endå meir imponerande enn det første: I poengstatistikken, som eg sjølv vaks opp med då det var ski-VM og vinter-OL og det framleis var overkomeleg mengde øvingar, så får ein poeng for dei seks beste plassane i kvar øving - etter skalaen 7-5-4-3-2-1. Det er med andre ord ein umåteleg fordel å ha mange utøvarar med, og ein endå større fordel på poengtabellen enn på medaljeoversikten.

I fjor vann Gneist poengtabellen knepent, to poeng framfor Tyrving. Det var ein sensasjon, målt etter talet på deltakarar. I år har Tyrving teke trona så til dei grader tilbake, med ei betring av fjorårets poengscore med fine og runde 50.

Gneist hadde ein del stang-ut i år og ein del stang-inn i fjor. Resultatet har blitt 29 færre poeng enn i fjor, men framleis ein solid 2. plass. Det var tre lag frå Hordaland topp 4 i fjor, med IL FRI på 3. plassen. I år har FRI falle ein god del, frå 3. til 19. plass og med heile 48 færre poeng. Men Norna-Salhus har til gjengjeld klatra frå 4. plass til 3. plass, med 19 fleire poeng dette året. Av andre som har falle ut av topp 15 lista frå i fjor er Stord (frå 9. plass til 27. plass) og Kristiansands IF (frå 11. plass til 47. plass...). Men så er det kome nye til, mellom anna finn me årets arrangørklubb Haugesund inne på topp 15 lista dette året:

Klubb
Poeng 2014
Poeng 2013 (+/-)
1. Tyrving (2)
203
+50
2. Gneist (1)
126
-29
3. Norna-Salhus (4)
103
+16
4. Sturla (5)
101
+24
5. Ålesund (12)
80
+29
6. Dimna (12)
79
+28
7. Tjalve (21)
65
+28
8. Sørild (42)
58
+33
8. Ullensaker/Kisa (39)
58
+32
10. Orion (7)
57
-12
11. Overhalla (43)
53
+30
12. Ski (34)
52
+23
13. Haugesund (26)
51
+16
14. Koll (14)
48
0
14. Sandnes (23)
48
+12



tirsdag 9. september 2014

Husnes Stadiion - 13. september

Hei alle saman,

eg er berre nett innom for litt reklame:

Eg veit det er nokre som har 13- og 14- åringar som skal til Hatland på Osterøy, til PEAB-leikane der ute.

Men for alle andre finst det også håp:

Lørdag 13. september er det Opningsstemne på nye Husnes Stadion - ein av dei finaste friidrettsanlegga i landet nett no.

Det blir også Indian Summer i veret til helga, så ein tur til vene Sunnhordland burde stå høgt på lista!

I lenka nedanfor finst Kondis sin omtale av IL Trio sin kreative invitasjon.


mandag 8. september 2014

Kvalifiserte til Lillestrøm 2015

Dersom det er feil og manglar i oversikten nedanfor, så får eg skulda på at eg har sove i 3 1/2 månad. Det merkast.

Om det finst slike feil og manglar, så får dei som oppdagar dei vera gilde å gjera meg merksam på det: Det er kjekkare når ting er rette enn når dei er galne, naturlegvis.

Men eg har kome fram til at følgjande 24 er kvalifiserte til UM på Lillestrøm midt i september 2015.

(Eg har også forsøkt meg på kva for øvingar ein har klart sine krav i - i parentes - men her er eg eit hakk til mindre sikker.)

J15
- Anna Evensen (100m, 200m, lengde tresteg)

J16
- Sanne Myrmel (stav)
- Nora Øvergaard Aarvik (høgde)

J17
- Renate Lie (200m, 400m, 800m)
- Maren Haugen Lillefosse (100m, 100m hekk, lengde)

J18/19
- Monika Benserud (100m, 200m, lengde, tresteg)
- Vilde Lund Bjørnsen (100m, 200m, 400m)
- Elina Drivenes (200m, 800m)
- Thyra Hevrøy (800m)
- Eline Myking (800m)
- Anna Serine Røssland (800m)

G15
- Thomas Blücher (800m)
- Gjert Høie Sjursen (200m, lengde, kule, diskos, spyd, slegge)

G16
- Kristoffer Blücher (100m, 200m, 800m, 100m hekk)

G17
- Vegard Albrigtsen (400m, 800m)
- Henrik Irgens Gravdal (400m, 800m)
- Eirik Leikvoll (høgde, stav)
- Sondre Rinde (100ml, 110m hekk, 300m hekk, lengde, tresteg)

G18/19
- Henrik Almenningen (lengde, tresteg)
- Emil Engelsen Holm (200m)
- Magnus Leikvoll (høgde)
- Amund Høie Sjursen (100m, 200m, høgde, lengde)
- Stian Øvergaard Aarvik (3000m)
- Jens Larsen Åstveit (3000m)

søndag 7. september 2014

Medaljestatus UM: Tyrving best, Gneist framleis i norgestoppen

Tyrving tok tilbake UM-trona under årets UM i Haugesund. Det er ingen sensasjon. Sensasjon var det i fjor då Gneist blei beste klubb på Lillehammer.

Tyrving er store og har frykteleg mange med. Eg har ikkje finsett på den typen tal i år, men i 2013 hadde Tyrving 82 kvalifiserte og Gneist hadde 28 påmelde til UM. Likevel vann Gneist medaljekampen. Styrkeforholdet er sikkert ganske likt i år.

Som venta blei søndagen ein skrinnare medaljedag for Gneist enn dei to føregåande dagane, men likvel blei det ein medalje av kvart slag også siste UM-dag:

GULL:
- 1000 meter stafett, G15/16 (Sondre Rinde, Vegard Albrigtsen, Kristoffer Blücher, Henrik Irgens Gravdal)

SØLV:
- Kristoffer Blücher (G15), 200 meter

BRONSE
- Vilde Lund Bjørnsen (J17), 200 meter

I tillegg vann BFG Bergen gull på 1000 meter stafett, jenter 15-17, med Elise Una Mikkelsen, Elina Drivenes, Renate Lie og Vilde Lund Bjørnsen på laget.

Totalt blei det 18 medaljar på Gneist, mot 24 i fjor. Men det blei like mykje gull: 8 i talet. Fordelinga blei slik: 8 gull - 5 sølv - 5 bronse (i fjor: 8 gull, 7 sølv, 9 bronse).

Her er total-lista:

1. Tyrving 9-13-11
2. Gneist 8-5-5
3. Norna-Salhus 7-5-4
4. Dimna 7-1-4
5. Sturla 6-4-8
6. Tjalve 6-2-2
7. Ålesund 5-3-3
8. Sandane 5-1-0
9. Ullensaker/Kisa 4-3-2
10. Ski 4-3-1
---
13. Fri 3-2-2
15. Laksevåg 3-2-1
16. Bergens TF 3-1-0
17. Stord 3-0-1
18. Hovding 3-0-0
47. Osterøy 1-0-0
47. Loddefjord 1-0-0
47. BFG Bergen 1-0-0
62. Fana 0-1-2
69. Varegg 0-1-0
69. Bjarg 0-1-0
81. Ask Friidrett 0-0-1

Til saman 97 (!) klubbar fekk med seg medaljar heim frå UM.

lørdag 6. september 2014

Medaljestatus - UM dag 2

Det blei ein ny flott UM-dag i Haugesund sett med lokale auge.

Andre dag plukka Gneist følgjande medaljar:

GULL:
- Sondre Rinde (G16), 100m hekk
- Kristoffer Blücher (G15), 800m
- Henrik Irgens Gravdal (G16), 800m

SØLV:
- Sondre Rinde (G16), tresteg
- Eline Myking (J17), 2000m hinder

BRONSE:
- Henrik Almenningen (G17), tresteg
- Ole Martin Røssland (G18/19), 2000m hinder

3 gull - 2 sølv - 2 bronse

Til saman etter 2 dagar er fasiten: 7 gull - 4 sølv - 4 bronse (15 medaljar)

Det betyr at Gneist, som vann medaljestatistikken under UM på Lillehammer i 2013, toppar etter 2 dagar. Det blir ein tøff kamp å halda på plassen etter søndagen, men Gneist har på ny bevist at klubben er mellom dei fremste ungdomsklubbane i friidrett i landet.

Her er stillinga:

1. Gneist 7-4-4
2. Tyrving 6-7-9
3. Norna-Salhus 6-5-3
4. Sturla 5-4-6
5. Dimna 5-1-2
6. Sandane 5-1-0
7. Tjalve 4-1-2
8. Ålesund 3-3-2
9. Ski 3-2-1
9. Laksevåg 3-2-1
9. Ullensaker/Kisa 3-2-1
---
12. Stord 3-0-1
19. Fri 2-0-1
20. Bergens TF 2-0-0
20. Hovding 2-0-0
44. Osterøy 1-0-0
44. Loddefjord 1-0-0
55. Fana 0-1-2
63. Varegg 0-1-0

... Til saman 87 klubbar har plukka medaljar så langt i UM...