Dette innlegget er inspirert av eit par vidgjetne linjer frå
ein tale til ein amerikansk president. Det finst faktisk ein del av dei; fleire
amerikanske presidentar har vore gode talarar. Dei som kjenner meg godt, veit
at amerikanske presidentar er noko eg har brukbar greie på.
Eg har også brukbar greie på friidrett etter kvart. Eg har
mellom anna hausta erfaring frå styre og stell på lokalt nivå.
Det er fleire ting som er slåande, éin av dei er kort fort ein
blir «stor stjerne». Kor fort ein finn det for godt å krevja, framfor å bidra.
Denne haldninga kræsjar så fundamentalt med den
verkelegheten som friidrettsklubbar flest finn seg sjølve i her i landet: Sjølv
fleire av dei største klubbane er etter måten små når det kjem til økonomisk
ryggrad. Dei aller fleste blir drivne 100 prosent på dugnad. Dei aller fleste
skaffar økonomiske midlar til «det aller mest nødvendige», for at ungar – frå rekruttalder
og oppover – skal få ha det kjekt med friidretten.
Nokre få av utøvarane vil også satsa.
Nokre av desse vender seg til klubben sin for å krevja
relativt store midlar til eiga satsing.
Det er den same klubben som blir driven 100 % på dugnad og
som stort sett har økonomiske midlar til «det aller mest nødvendige»: trenarar,
startkontingent og reiser til meisterskap.
Med andre ord: I den augneblinken ein tar til å krevja
større bitar av fellesskapskaka, så tar ein frå andre sine tilbod – i alle fall
dersom det er slik at ein ikkje klare å auka kaka.
Det kan ein
naturlegvis gjera. Men det er framleis dei same, som engasjerer seg 100 % på
dugnad, som i så fall må auka kaka.
Skal vilkåra bli best muleg, må alle bidra – også dei som kjenner at dei fortener meir, på grunn av
sportsleg nivå.
Men det er også slik at dei som har lykkast sportsleg skuldar ofte klubben og miljøet ein god
del: Dei rammevilkåra som har gjort det muleg å lykkast, og det miljøet som har
gjort at ein har blitt verande i idretten heilt til ein har lykkast sportsleg.
Dette siste er det alt for mange som gløymer i den
augneblinken dei ser ei stjerne når dei ser seg sjølve i spegelen.
No er det ikkje slik at ikkje desse kan ha behov for økonomiske midlar, for å nå
lengre. Men her må utøvar, trenar og klubb i fellesskap tenka kreativt og prøva
henta ut meir frå eksterne kjelder. Dette er absolutt muleg, det har vist seg ved
fleire høve.
Så, mine
friidrettsvenner: spør ikkje kva friidretten og klubben din kan gjera for deg –
spør kva du kan gjera for friidretten og klubben din. Spør ikkje kva «dei andre»
kan gjera for deg, men om kva me i fellesskap kan utretta – for fellesskapets
beste.
(Fritt etter John F.
Kennedy sin innsettingstale, Washington D. C., 20. januar 1961)