lørdag 4. juni 2016

Framo - dag 1 og 2

Er det berre meg, eller er det mykje mindre å "skriva heim" om frå eit storstemne som Framolekene - sett med Gneist-auge, enn det var før?

Vel, me er berre halvvegs (og knapt nok det, målt i tal øvingar), men det er nok ikkje berre meg.

Premissane i min personlege oversikt er persar og betre for utøvarar som er 15 år eller eldre, men også klubbrekordar frå 11 år. Det betyr at eg "overser" noko av det som er lyspunktet jamleg, nemleg J13-gjengen, som dominerer i fleire øvingar. (Og ein kjekk årsbeste i lengde for Amund Høie Sjursen, på solide 7,31.)

Men me får ta det som er:

Jens Larsen Åstveit er einaste eg noterte meg - etter mine premissar, altså - frå dag, 1, torsdagen. Då debuterte han på 3000 meter hinder og sprang den på 9:46,48. Det var eit stykke bak Jens sin ambisjon, men han er no i gang også på den distansen - og det er 9. beste tida på Gneist sin adelskalender.

Fantastisk gledeleg med Eirik Leikvoll fredag, som persa i stav til 3,85. Det er 25 centimeter høgare enn den to år gamle høgda frå same stemnet i 2014. Dette er det nivå over, det er berre fem centimeter under Roar Haugland sin 34 år gamle G18-rekord i Gneist.

Torbjørn Knag persa solid på sin 200 meter, til 26,19. Med det har han vel like så godt hoppa over heile 27-talet (hadde vel 28,04 frå Strandebarm i fjor sommar).

Gjert Høie Sjursen vann 110 meter hekk (91cm) i G17-klassen. 16-åringen, som nyleg er teken ut til Nordisk i mangekamp, betra med det eigen klubbrekord i G16 med tre hundredelar - til 14,88.

Malin Marie Rosvoll Olsen persa på 200 meter til 27,14 (frå 27,40, sett i fjor).

Sanne Myrmel er tilbake med startnummer, og fekk vel sin tresteg-debut offisielt, med 9,85.

Maike Verhofstad betra på ny si 800 meter-tid, som no er på svært habile 2:21,13.

Så eit par kunststykke på 800 meter for menn: Andreas Jensen tangerte sin pers, på 2:06,86, og Steffen Algrøy Boga utepersa til 2:04,57, som er identisk med innepersen frå Leikvang frå januar i år.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar