søndag 12. juni 2016

Tyrving - dag 2

Voss Cup dag 2: To sigrar i svært tette og spennande oppgjer: 2-1 og 1-0.


Tyrvinglekene dag 2:

Anna Evensen persa på sin 200 meter, til 27,76.

Det er verdt å minna om at Andreas Haara Bakketun spring fantastisk fort, sjølv om han for tida kjem litt i bakgrunnen av klubbkompis Pål. På 200 meter lørdag blei det ny solid utepers med 22,74 (han har 22,65 frå inne-UM).

Det er sagt, skrive og filma mykje om familien Ingebrigtsen i det siste, men kva med familien Lillefosse? Ein treng gjerne ei motvekt med den langt meir smålåtne fitjarbuen som patriark. For avkommet presterer  alle fall på høgt nok nivå. Stavhopparen Pål Haugen Lillefosse er velkjent i inn- og utland. Lørdag sprang han 100 meter hekk og 200 meter på nasjonalt bestenivå i G15: 13,16 på hekken og 22,34 på 200 meter!

André Seliussen sprang ein sterk 800 meter og flytta persen ned til 2:11,30.

Eg noterer like så godt ein klubbrekord på dei fire sterke 13-åringane på laget i 13/14-klassen på 4 x 60 meter stafett. Tida, 32,80, er berre eit knepent halvsekund bak klubbrekord med også 14-åringar, men dette laget hadde altså berre 13-åringar med, så då. Det bestod av Emma A. Voldsund, Una Haukanes (som også imponerte med 5,03 i lengde!), Emma Dahl Sørbo og Hilda-Lovie Riisnes Riise.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar