fredag 10. juni 2016

Tyrving - dag 1

2007.

Det var det siste året, før i år, at eg ikkje var til stades på Nadderud Stadion under Tyrvinglekene. Underleg kjensle.

2007 var samtidig siste året eg var på Voss Cup. I 2016 er eg tilbake der.

Moralen er: ein kjem gjerne tilbake.

**

Rekord-magazinet frå dag 1 av Norges største friidrettsstemne:

Ingrid Næss Johansen held fram sin jamne og fine framgang. Ho sprang 3000 meter på 10:34,71, som er nesten fem sekund ned frå tida under Karabinlekene.

Pål Haugen Lillefosse persa ikkje i lengde. Han har 6,50 frå Göteborg i fjor sommar, men han hoppa 6,46 - og dermed betra han likevel eigen klubbrekord i G15 frå 6,41.

André Seliussen, sist sett i bakgrunnen under tv-sendinga frå Bislett Games, sprang 2000 meter på 5:57,60 og braut dermed ein symbolsterk barriere på 15 års-øvinga. André hadde 6:11,85 frå i fjor seinsommar.

Erlend Gjerdevik Sørtveit, som for tida spring i feil blåfarge, sprang på 8:32,41 på 3000 meter, pers med opptil fleire sekund på Strindheim-løparen.

Jakob Jamt Ånonli sprang 200 meter på 23,63, som er pers frå 23,94 under Karabinlekene. Tida er også under kravet til junior-NM:

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar