søndag 5. juni 2016

Rett og slett

Først: For ikkje å forvirra meir enn nødvendig; dette er ein kommentar til kommentaren (...) frå "Rettogslett" til det førre innlegget. Kommentaren finst under dette innlegget, om nokon skulle vera interessert.

Så: JA, heilt enig; Andreas Haara Bakketun sitt løp på 300 meter hekk lørdag var glitrande, rekord både slik og slik som det var. Eg vil ikkje ta noko ære frå Andreas på nokon måte, naturlegvis. Eg kjenner han som ein imponerande idrettsutøvar, men også som ein høfleg og kjekk kar. 

Når det er sagt; eg står naturlegvis fast ved følgjande formulering: 

Han som imponerte meg aller mest under Framolekenes dag 3, lørdag, var Hans-Magnus Haukøy.

Dette har fleire lag: For det første har Andreas gjort ein heil haug fantastiske prestasjonar, både på 300 meter hekk og andre øvingar. Hans prestasjon må naturlegvis målast opp mot dette også. Hans-Magnus gjorde eit byks på ein heilt sentral distanse. Han kvalifiserte seg også for junior-NM.

I tillegg såg eg dette løpet. Eg såg ikkje Andreas sitt løp. Det er no ein gong lettare å imponera meg når eg ser på enn når eg ikkje gjer det. Det er heller ingen løyndom at 1500 meter ligg hjartet mitt nærare enn 300 meter hekk. 

Det var altså ikkje kven som imponerte Norge eller Gneist mest, men kven som imponerte meg mest, der eg satt i varmen, lørdag ettermiddag.

Vurderingane mine er, utover det, ikkje finmaska. Dei er noterte om natta eller på andre ugudelege tider - og rekkefølgjen i presentasjonen er ikkje å rekna som ei rangering. 

Og så er det opp til meir offisielle hald å gi den meir offisielle æra.

Eg likar å tenka at Bloggen, gjennom 5 1/2 år, har bidrege til gode og oppmuntrande innspel for ein god del utøvarar. Av og til også for ein del foreldre, men det er no utøvarane som tel mest då.

**

Så er det slik at eg er rusten. Eg har ikkje same oversikten som då eg var djupt inolvert i rekord- og statistikkutval på nasjonalt nivå. Inntil vidare så forsøker eg å følgja opp det eg har som ei slags oppgåve i Gneist. I tilknyting til det så har eg tenkt at eg kan no halda liv i bloggen også - men det er naturlegvis ikkje noko som er livsviktig for meg.

For meg.

Unnskyld, Andreas, men for meg var det Hans-Magnus som imponerte mest lørdag.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar