mandag 30. mai 2016

Meir smålåtne i Gneist (KM 11-14 år)

Med atterhald om at resultatlistene er så komplette som dei påstår - det manglar vel nokre stafett-resultat i oversikten som finst så langt i alle fall - så har Gneist sitt KM 11-14 år vore av det smålåtne slaget, målt opp mot dei siste ni åra.

Gneist har til tider dominert Kretsmesterskapet i friidrett 11-14 år sidan eg tok til å følgja nøye med - i 2008. Det året var det framleis Norna-Salhus og Laksevåg som var dei to store, med Gneist på plassen deretter. Men 39 medaljar var ikkje gale det heller og 13 av dei var i gull.

I 2009 var Gneist på toppen, med heile 30 gull - og med 78 medaljar totalt.

Året etter, i 2010, blei dette toppa med 32 gull - og 73 medaljar.

I 2011, då me hadde ein fin tur til Voss og KM, så var dominansen svært sterk: 40 gull og heile 88 medaljar totalt plukka Gneist med seg.

Pila peikte framleis oppover i 2012. Då vann Gneist 65 medaljar - heile 41 av dei var i gull.

Så bar 2013-sesongen bod om ei endring. Då var Gneist, for første gongen sidan 2008, detronisert. Både Fana og Bergens Turnforening kom framom. Etter fleire sesongar med ein nesten total Gneist-dominans, så var medaljefangsten totalt på smålåtne 31, men 16 var i gull.

Året etter, i 2014, var klubben likevel tilbake i toppen, med 54 medaljar og 30 i gull - eit år som minna om stordomstida, sjølv om det ikkje var fullt så sterkt som perioden 2009-2012.

Også i 2015 var Gneist på toppen, sjølv om Fana, Ask, Bergens Turnforening og AKS-77 var hakk i hæl. Totalt blei det 46 medaljar til Gneist i fjor, 16 i gull.


Men i 2016 er biletet radikalt annleis. Talet på medaljar er på smålåtne 24 - totalt - for Gneist, 7 av dei i gull. Både Norna-Salhus, Viking (!), Laksevåg og Bergens Turnforening er framfor på lista. (Også andre normalt større klubbar, som Fana og Fri, er langt nede  på årets medaljestatistikk.)

11-14 år er ein viktig målestokk for kva for klubbar som bevegar seg, sjølv om KM-helga har mange tilfeldige sider ved seg. Men likevel: Gneist sitt hegemoni er over (for denne gong), Laksevåg er på god fart tilbake til noko som er i nærleiken av gamle høgder, Norna-Salhus har fått ein ny, grei base, det same har Bergens Turnforening, medan Viking brått har fått fleire spennande utøvarar mellom dei yngste.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar