søndag 5. juni 2016

Framo - dag 4

Vel, dette er ikkje natta. Det er vel då i staden ei "ugudeleg" tid - og då får me vel knytta det til varmen - garasjekontoret held i ettermiddag 32 grader, det er no brukbart.


Her er Rekord-magazinet frå dag 4 av Framolekene:


Ingrid Sortland sprang på imponerande 12,73 på 100 meter - og dermed er Ingrid kvalifisert til senior-NM dei to neste meisterskapa! Ingrid hadde 12,89 frå UM i fjor haust frå før.


Andreas Haara Bakketun sprang 100 meter på 11,32. Dermed persa han frå 11,49 for ei veke sidan.

Anders Bjørndal persa på 400 meter til 51,72. Han hadde 52,02 frå Tyrvinglekene i fjor (og har 51,98 inne).

Kristoffer Blücher sprang 400 meter på 50,67, ei persbetring frå 51,30 (Nadderud i fjor).

Thomas Blücher betra sin 400-pers monaleg - frå 57,65 og heilt ned til 54,14.

Steffen Algrøy Boga knuste sin 3000-pers, då det blei 9:31,51 i varmen søndag.

Hans-Magnus Haukøy er ikkje nokon erfaren 3000-løpar, for å seia det varsamt. Han presterte likevel så godt som 9:08,99 søndag.

Torbjørn Knag har levert ein serie med gode sprintløp i helga. Søndag blei det 12,87 på 100 meter, pers med nesten halvsekundet.

Pål Haugen Lillefosse sprang 100 meter på 11,22. Det er under NM-kravet - og klar ny klubbrekord i G15. (Kristoffer Blücher hadde den gamle på 11,41). Den gamle bestenoteringa til Pål var på 11,47.

Håvard Rinde sprang sin 400 meter på 58,57. Det er nett så vidt utepers (frå 58,66). Han har såpass som 56,11 inne.

André Seliussen sprang inn til 3000-pers med om lag to sekund, til 9:16,16, like bak junior-NM-kravet.

Jakob Jamt Ånonli hoppa heile 6,26 i lengde - ei solid persforbetring (og over junior-NM- kravet). Jakob hadde 6,03 frå tidlegare.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar