søndag 5. juni 2016

Framo dag 3

Han som imponerte meg aller mest under Framolekenes dag 3, lørdag, var Hans-Magnus Haukøy. 14-åringen (ikkje 15 før i slutten av neste månad) persa med 11 sekund på sin 1500 meter. Han sprang heilt ned på 4:07,47, godt under junior-NM-kravet. Det blir også dimensjonar av det, når ein ser at dette berre er 35 hundredelar bak Henrik Irgens Gravdal sin klubbrekord i G15.



På same distansen, 1500 meter, sprang Jens Larsen Åstveit på 3:58,62, som er utepers med eit knapt sekund - godt og vel to sekund bak bestenoteringa frå innesesongen.

Andreas Haara Bakketun leverte ein ny knallsterk langhekk, då han sprang 300 meter hekk på 38,86 - solid ny rekordbetrin (G15).

Emma A. Voldsund tangerte innetida si på 60 meter hekk - og med det også klubbrekorden på distansen i J13.

Pål Haugen Lillefosse har 7,13 på 60 meter innandørs, men utepersa til 7,21, som også er klubbrekorden (ute) i G15.

Ingrid Sortland utepersa på 60 meter, frå 8,41 til 8,32 (i 2,2 sekundmeter motvind).

Håvard Rinde persa på 60 meter til 7,97, som også er likt med innetida til Håvard på distansen.

Solid ny sprintpers blei det også på Torbjørn Knag på 60 meter. Han flytta den ned frå 8,41 (inne) til 8,15.

Formsterke Maike Verhofstad pynta også på 1500 meter-persen, dagen etter at ho gjorde det same på 800. Ny pers er 4.51,63.

Torleiv Bakke Lygren er eit nytt namn for underteikna. Eg har notert, inkludert gårsdagens, to 200 meter-løp på han - det eine betre enn det andre. Sist blei det 25,50, i går så langt ned som 24,74.

1 kommentar:

  1. Haara Bakketun sin 300 meter hekk er ny aldersrekord i Norge i 15årsklassen, nesten halvsekundet bedre enn Warholm sin rekord før den ble slått i mai - og nå bedring med nesten halvsekundet altså. Det må da være dagens prestasjon??

    SvarSlett