lørdag 13. februar 2016

Pingvinleikane - den første dagen

Dei fleste resultata frå første dagen av Pingvinlekane årgang V har tikka inn. Eitt viktig resultat manglar på mi liste; 60 meter i FU-klassen. No var det no slik at løpar i bane 3 i første heat kom akkurat for seint - og dermed måtte stilla i bane 2 i det andre heatet. Og løpar i bane 4 i første heatet kom akkurat til å tenka på noko då skotet gjekk, og då han kom på at han skulle springa var dei andre i mål. Så dermed måtte han springa i bane 3 i det andre heatet, for ho som skulle ha sprunge der hadde andre ting fore nett denne dagen. No ja.

Me hadde det rasande kjekt. Meir om dette følgjer ein av dagane.




Jens Larsen Åstveit og Stian Øvergaard Aarvik sin 1500 meter mot slutten av dag 1 får  koma først: Jens flytta pers og innomhus klubbrekord i Gneist ned med nesten seks sekund, til sterke 3:56,37. Jens har altså 3:59 frå utesesongen i fjor. Stian var ikkje stort dårlegare: 3:58,35 er hans nye pers på - fem sekund ned frå inne-UM i Ulsteinvik i mars i fjor.

Ein ny klubbrekord til for senior noterer me: Andreas Iden sprang si første engelske mil. Det gjorde han på 4:27,45. Dermed blei Andreas nr. 2, bak underteiknas namnebror frå Stord. Sterkt mil-løp blei det også på Steffen Algrøy Boga. Han også innedeuterte på distansen, men med 4:40,74 var han også godt og vel fem og eit halvt sekund raskare enn tida si under Gneistspelen i haust.

Det var eit durabeleg oppgjer i G15 på 60 meter. Det blei same tid på Pål Haugen Lillefosse og på Andreas Haara Bakketun: 7.19. Dermed persa Andreas solid, eitt tidel betre enn han sprang under Nornalekene for eit par veker sidan. Andreas sprang 200 meter på 23,30, som er knappe tre tidelar under gamlepersen.

Gode lengdeprestasjonar fekk me frå Anna Evensen og Malin Marie Rosvoll Olsen. Anna hoppa 5 meter beint, noko som er første gongen over 5-meteren inne. Malin Marie hoppa 4,80. Det er første gongen eg noterer inne-lengde på henne. Ho har 5,01 utomhus. Malin sprang elles på 27,74 på 200 meter, som er innomhus pers på henne.

Hans-Magnus Haukøy sprang ein flott 1500 meter på 4.18,61. Det er innepers med nesten sju sekund og like bak utepersen.

André Seliussen sprang også ein solid 1500 meter, på 4:27,86 - klart under både ute- og innepers (høvesvis 4:33 og 4:41).

Eg har ikkje for vane å nemna tangeringar, men gjer eit unntak i dag: Etter lang tid på sidelinja så hoppa Eirik Leikvoll 3,60 i stav. Det er tangering av pers frå 2014.

Henrik Irgens Gravdal sprang sin raskaste 200 meter. Han fekk tida 24,88, som er tidelen raskare enn han hadde frå tidlegare.

Gjert Høie Sjursen sprang heilt ned på 23,78 på 200 meter. Det er solid pers, ute som inne. Han hadde 24,40 frå UM i Ulsteinvik frå tidlegare. Det blei 7,51 på 60 meter. Det er innpers med åtte hundredelar (frå UM i fjor) og berre to hundredelar bak utepersen. Gjert slengde også kula i veg til 12,80.

Torbjørn Knag sprang sin 60 meter på 8,41, 13 hundredelar betre enn under Pingvinleikane i fjor. På 200 meter blei det 27,57, også det god pers på Torbjørn, halvsekundet betre enn utepersen frå Strandebarm i fjor og over sekundet raskare enn under fjorårets pingvinleikar.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar