søndag 14. februar 2016

Pingvinleikane - den andre dagen

Det var ein fin vinterdag - og eg må vedgå at eg var i skiløypene på Gullbotn det meste av denne dagen. Men i Leikvanghallen gledde alle hjarte seg på alle hjarters dagen over ein ny dag med mykje god friidrett.



Kristoffer Blücher sette ny bestenotering i Gneist, eller det me vel å kalla klubbrekord, då han sprang 600 meter på sterke 1:22,69. Dermed sletta han Henrik Irgens Gravdal sin årsgamle rekord, på 1:24,05. Dette er solid ny pers også på Kristoffer, som hadde 1:24,92 inne og 1:23,81 ute frå tidlegare. Kristoffer fekk også med seg ny pers på 60 meter, med 7,26 (7,29 frå inne-UM i fjor frå før).

G15-tospannet Andreas Haara Bakketun og Pål Haugen Lillefosse leverte sakene igjen søndag, då dei sprang sin 60 meter hekk på høvesvis 8,09 og 8,18 - og dermed overtok Andreas Pål sin ferske klubbrekord - og vel så det. Uhyre sterke prestasjonar av desse to, jamleg.

Herman Ellingsen har gjort store bravdar siste par sesongane. Innimellom kjem han litt i skuggen av sterke andre namn i klubben, men kanskje skjer dette sjeldnare etter kvart. No har Herman også prestert sterkt i høgde. Søndag hoppa han 1,70, som er tangering av G14-klubbrekorden til Pål Haugen Lillefosse!

Ei anna tangering stod Gjert Høie Sjursen for. Han sprang sin 60 meter hekk på 8,53, som er likt med Sondre Rinde sin to år gamle G16-klubbrekord.

Emma A. Voldsund sprang ein sterk 60 meter hekk i J13. Med 9,70 var ho tre hundredelar under Anna Evensen si tid i same klasse for tre år sidan. Det året var Anna best i landet på distansen i klassen.

Hans-Magnus Haukøy leverte eit nytt sterkt løp med 1:28,90 på 600 meter. Det er nesten sekundet under utepersen på distansen og solid ny innepers (1:29 og 1:32 høvesvis frå tidlegare). Også kompis André Seliussen persa på distansen. Han sprang på 1:36,02, og han har 1:37,59 ute og 1:44,25 inne frå før.

Også søndag blei det eit sterkt løp av Jens Larsen Åstveit. Han sprang sin 600 meter på 1:24,28, tre tidelar under utepersen frå i fjor sommar - og langt betre enn gammal innerpers.

Vegard Albrigtsen var like bak sin utepers på same distanse, då han sprang på 1:26,24. Det er godt og vel to sekund betre enn tidlegare innepers, sett under fjorårets pingvinleikar.

Også Steffen Algrøy Boga persa på 600 meter. Han sprang på 1:27,51, tre sekund betre enn under Pingvinleikane i 2014.

Pål Haugen Lillefosse innepersa i lengde med 6,35. Det er 10 centimeter lenger enn Pål hoppa under juleturneen til Finland. Han har 6,50 utomhus. Også Andreas Haara Bakketun innepersa i lengde, han med 5,85 (5,50 frå tidlegare - og 5,92 ute).

Henrik Irgens Gravdal spring kort, medan han ventar på å koma seg i skikkeleg slag igjen. Søndag blei det 7,95 på 60 meter, tre hundredelar raskare enn han gjorde under ein tur til hallen på Leirvik for to år sidan.

Så gjer eg eit untak frå "tangering av pers"-regelen også i dag: Kjekt å notera tangering av pers, nemleg, på nykomar Ingrid Sortland. Ho sprang 60 meter på gode 8,18, same som ho hadde frå leikane i fjor.

Elina Drivenes har sprunge littegrann fortare på 600 meter tidlegare, men jammen var ikkje klubbrekorden i J19 på distansen ledig. No er den Elina sin, på 1:42,94.

Torbjørn Knag persa i lengde til 4,88 - og innepersa på 600 meter til 1:47,55.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar