lørdag 27. februar 2016

Inne-UM dag 2

Wow: stor medaljefangst i Steinkjer - og nesten berre gull! I dag har eg kome fram til 5 gull og 2 sølv - og dermed 9 gull, 3 sølv og 1 bronse etter to dagar - sterke saker.



Sidan det er vinter ute - og sidan Treungen framleis er ein av dei finaste stadene i landet - så hentar eg biletet av Stian Øvergaard Aarvik frå fjorårets Skuggenatten Opp, for å illustrera Stian sitt GULL på 800 meter i G18/19. Stian var plassert i det midterste av dei tre heata. Det vann han, og klarte snika seg framfor alle dei som var i det presumptivt sterkaste heatet. Tid: 2:00,31 -  og ny innpers.

GULL 2 og 3: Kristoffer Blücher tok to nye gull på dag 2: Han vann 60-meteren i G17 på 7,21, som er ny pers for Kristoffer. I tillegg blei det gull på 800 meter, med 2:02,84.

GULL 4: Pål Haugen Lillefosse vann sitt første UM-gull, då han oppskriftsmessig vann stav i G15, med 4,70.

GULL 5: Ein ny knall-tett kamp mellom Andreas Haara Bakketun og Pål Haugen Lillefosse gav førstenemnde sigeren på 60 meter i G15: Tid 7,20.

SØLV 1: Og sølvet gjekk då til Pål Haugen Lillefosse - hundredelen etter klubbkompis Andreas.

SØLV 2: Aller første meisterskapsmedaljen blei det på Hans-Magnus Haukøy, som med 2:05,80 på 800 meter i G15 fekk sølvet på det. Det var også solid innepers.

**

Og elles:

Jakob Jamt Ånonli sprang 60 meter på 7,56, som er ny pers.

André Seliussen sprang sin 800 meter på 2:16,12 - også det ny pers.

Thomas Blücher var tett på pallen på 800 meter i G16, men han sette i alle fall klar ny innepers,med 2:05,46.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar