søndag 28. februar 2016

Inne-UM dag 3

Gneist opplevde tidenes gull-fangst under inne-UM i Steinkjer i helga. Ja, for det blei faktisk berre så vidt fleire medaljar enn i 2015 (24 mot 23), men vinnarviljen i klubben må vera stor for tida - for gull skal dei ha, ungdommane. heile 15 - femten! - blei det til saman, etter 6 nye gull siste dag. Det blei 4 sølv og 1 bronse også, totalt heile 15 gull, 7 sølv og 2 bronse - uhyre sterkt.





GULL 1: Andreas Haara Bakketun i ny millimeterduell med Pål Haugen Lillefosse i G15, denne gongen på 200 meter - og med fantastiske tider, 22,65 og 22,66! Andreas knuste gamlepersen med 65 hundredelar.

GULL 2: Nemnde Pål Haugen Lillefosse vann lengde i G15 med 5,99.

GULL 3 og 4: Suverent lengdegull blei det også på Gjert Høie Sjursen, i G16, med 6,47 - klar ny pers. Gjert har 6,26 ute og hadde 6,16 innomhus frå tidlegare. I tillegg vann Gjert kule med sterke 13,70.

GULL 5: Monika Benserud tok med seg sitt andre hopp-gull for helga, då ho også vann lengde i J20/22, med 5,70 - tett på innepersen sin.

GULL 6: 4 x 200 meter-laget i G15-17. På laget sprang Andreas Haara Bakketun, Pål Haugen Lillefosse, Gjert Høie Sjursen og Kristoffer Blücher. Tida 1:34,12 er klar ny klubbrekord i Gneist.

SØLV 1: Pål Haugen Lillefosse sitt uhyre knepne sølv på 200 meter i G15 er alt nemnt - på glitrande tid: 22,66. Også Pål persa. Han har 22,80 ute og hadde 22,76 inne frå tidlegare.

SØLV 2: Hans-Magnus Haukøy vann sin andre sølvmedalje for helga, då det blei 2. plass på 1500 meter. Tida blei 4:25,30.

SØLV 3: Broder Kristoffer har fått velfortent omtale for sine bravadar i helga, men søndag blei det også flott sølv til Thomas Blücher på 1500 meter i G16. Thomas sprang inn på 4:33,47, som er ny innepers. (Klar vinnar blei elles Martin Berntzen Engevik frå Nittedal - og pittelitt Gneist...)

SØLV 4: Det blei litt bakvendtland for Stian Øvergaard Aarvik: Han tok flott gull lørdag på 800 meter, men når det blei nesten dobbelt så langt måtte han "nøya" seg med sølv, på tida 4:10,41 - på 1500 meter i G18/19. Uansett ei glitrande UM-helg for motbakkekongen.

BRONSE: Jakob Jamt Ånonli innleia sin nasjonale medaljefangst då han tok bronse i lengde inne-UM i fjor. Søndag følgde han opp med ny bronsemedalje i same øvinga, i G17, med eit hopp på 5,70.

**

Og elles:

Malin Marie Rosvoll Olsen sprang sin 200 meter i J17 på 27,55, som er innepers med 19 hundredelar (ho har 27,40 ute).

Elina Drivenes var uhyre tett på bronse på 1500 meter i J18/19, men med 4:57,93 blei det i alle fall pers med åtte tidelar.

Maike Verhofstad persa solid på same distanse i same klasse, då ho braut 5 minuttsgrensa og sprang i mål på 4:58,88. Maike har 5:07,20 frå Fana Stadion i juni i fjor og hadde 5:18 inne frå tidlegare.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar