tirsdag 16. februar 2016

Friske viljer-rapport etter Pingvinlekene

Dei 5. Pingvinlekene er over. Dei 5. Pingvinlekene var også femte gongen at gruppa med ulike former for funksjonsnedsettingar deltok. I løpet av 2015 fekk me oss namnet Friske viljer. Og gruppa levde i høg grad opp til dette namnet lørdag.




60 meter
Vel, som tidlegare omtalt; her fekk me ein hektisk start: Éin kom akkurat for seint til sitt heat, ein annan valte å stå igjen på streken då heatet hans gjekk. Men me fekk begge av garde i det neste heatet! Eit viktig mål er alltid at flest muleg klarer å springa i sin rette bane heile vegen - og lørdag sette me i alle fall ny rekord her, veldig bra!

Våre to "stjerner", Kaj og Trygve, stilte i eit av heata i G14-klassen - og kom først i mål der. Med Trygve sitt løp på 8,76 har me no to "sub 9"-løparar. Hovudtrenar for desse to, Anders Bjørndal, kan godt vera nøgd med dette.

Til saman 9 utøvarar persa på 60-meteren i Leikvanghallen.

Lengde
I lengde nærmar Kaj seg 5-meteren. Han sette ny pers med 4,83 lørdag. Også Trygve persa, til 3,95 - og har dermed ein naturleg barriere å strekka seg mot, han også.

Totalt 10 utøvarar sette ny pers.

Kule
Vel, her blei det mange "persar", i og for seg, sidan den nye kula vår veg 600 gram, mot 800 gram på den gamle, som forsvann i Høiehallen ein stad i haust. Men, men. Lengste 600 gram-støtet (eller "kastet") var så langt som 16,24 meter. Også fem andre kom over 10 meter. I tillegg støtte Trygve med 2 kilo-kule og Kaj med 4 kilo.

Så her er breidde, her er kvalitet og forbetringar. Og her er rasande godt humør - og friske viljer!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar