mandag 8. februar 2016

Påls supersesong - episode I

Medan underteikna har lege nede for teljing, så er det andre som har vist atletisk kraft. Tobias Allers-Hansen gjorde ikkje på nokon måte skam på den to manns sterke troppen til helgas Tyrvinglekene innomhus. Han plukka med seg ei rad fine plasseringar i G13.

Men den andre halvdelen av troppen, Pål Haugen Lillefosse, stal overskriftene.



60 meter sprang Pål på 7,13 i forsøket. Det er to hundredelar betre enn tidlegare raskaste noterte tid i G15 i Norge. Lars-Jacob Woie frå Sørfjell sprang på 7,15 godt og vel fire år før Pål blei fødd.

På 200 meter blei det 22,76, som er høgt oppe på lista i landet det også - gjennom alle tider - og nærare halvsekundet raskare enn klubbrekorden i G15 i Gneist. Det er også fortare enn Pål sin utepers (22,80). Gamle innepersen var 24,21 frå januar i fjor, så då er det muleg å skru opp forventningane for denne sesongen.

60 meter hekk gjekk unna på uhyre raske 8,21 - også det ny klubbrekord i Gneist - og vel så det.

Litt spesielt at ikkje stavsprang blir nemn når me snakkar om Pål. Jo da, han vann der også (4,70). For sjølvsagt blei det (til dels soleklart) klare sigrar i alle dei nemnde øvingane.

Og då var friidrettsessongen 2016 for Pål i gang.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar