tirsdag 22. desember 2015

B og F og G - etter 2015-sesongen

Det er tidleg å summera opp dette, men sidan blogg og bloggar straks søker seg til varmare strok og først dukkar opp att eit stykke utpå nyåret, så kjem det her eit bidrag.

2015 var første året på tre decennium at dei opphavlege klubbane, Bjarg, Fana og Gneist, var tilbake og foredla eigne utøvarar heile vegen frå rekrutt til og med seniornivået.

Generelt er biletet slik: Bjarg stadfestar inntrykket av at klubben, med eit par hyggelege unntak aldersbestemt, ikkje er tungt framme i friidrett for tida. Fana er i imponerande vekst og framgang, medan Gneist konsoliderer stillinga, men har klare utfordringar, spesielt på jentesida, i åra framover.

Heilskapsinntrykket er likevel positivt. Gneist ser, generelt, ut til å reindyrka profilen med eigen-rekruttering og å ta vare på eigne utøvarar. Fana har skaffa seg tilvekster utanfrå på topp-nivå innan hopp, ikkje minst i stavsprang. Utanom desse synest Fana også primært å vera oppteken av å ta vare på eigne ungar og ungdommar.

Eg har hatt mykje kontakt med ein god del av Fana-miljøet, fordi gruppa mi har trent til dels samtidig i Høiehallen lørdagar. I starten var dei mest til irritasjon, fordi mange av oss opplevde at dei oppfatta oss som å vera i vegen, at dei rett og slett var viktigare enn det me var. Det er dei naturlegvis ikkje, og over tid har me klart å tilpassa oss kvarandre på greie vis. No er Fana-ungdommane i fremste rekkje til å heia på og applaudera våre eminente utøvarar i Friske viljer.

Det er naturlegvis ein viss konkurranse mellom Fana og Gneist. Det er viktig at denne konkurransen er og blir verande sunn. Her er mange ungdommar på tvers av klubbane som har eit godt kompisforhold. Ein usunn konkurranse vil berre vera i vegen for eiga satsing. Og ein skal ha store problem med synet dersom ein ikkje ser at hovudprofilen til Fana (hopp) og hovudprofilen til Gneist (løp) kan utfylla kvarandre på gode måtar.



Først: God jul og takk for det gamle og slikt.


Nedanfor litt fakta, basert  på lagseriar (og litt meir) i 2015.


Bjarg
Ikkje lag for menn i lagserien, senior, Hordaland.

Ingen lag i lagserien for gutar, Hordaland.

Ingen lag i lagserien for jenter, Hordaland.


Fana
I senior-lagserien på nasjonalt nivå er Fana framleis i dei bakre rekker, men her er det potensial til jamn klatring dei komande åra. I kretsserien på seniornivå blei det 4. plass i 2. divisjon for Fana sitt 1. lag, både for menn og kvinner.

I lagserien i Hordaland er gutelaget til Fana heilt oppe på 2. plass, med ein sterk poengsum. Berre Gneist, som sette ny poengrekord, var framom. 2. laget rykka opp til Eliten, noko som betyr at både Fana og Gneist har 2 lag i Eliten i 2016, til saman halvparten av dei 8 laga som finst der. For jenter er Fana på 4.plass, også her i ryggen på Gneist.


Gneist
Første året med seniorsatsing: Kvinnelaget blei nr. 11 i toppdivisjonen, 1. divisjon., i landsserien. Det betyr nedrykk til 2. divisjon i 2016. Dette var ikkje overraskande. Kvinnene har hatt ein liten og skadeforfølgt tropp i 2015. Det bør vera sjansar for å vera i toppen i 2. divisjon igjen neste år. I Holmenkollstafetten blei det 13. plass i Eliten. Her er det spenning rundt om breidda dei komande åra er god nok til at det kan stillast lag.

I lagserien for senior i Hordaland for kvinner blei det 3. plass.

Herrelaget gjorde ein imponerande innsats, med 9. plass i 1. divisjon. Her er det gode framgangar i mellom- og langdistanse som står fram. Her er det grunn til å tru at grunnlaget for ei endå sterkare plassering ligg der, ikkje minst med viktige aktørar ute i hopp og sprint dette året. Herrelaget i Holmenkollstafetten imponerte også med 6. plass, og her er forventningane ytterlegare skrudd opp før utgåva 7. mai 2016.

I lagserien for senior i Hordaland blei det ein «råsterk» 3. plass, i følgje Stein Fossen. I tillegg tok 2. og 3. laget dobbelt i 3. divisjon.


Det same skiljet mellom gutar og jenter kan ein sjå på rekrutteringsnivået i Gneist: Gutane har både teke vare på sin dominans i Hordaland og har greitt potensial også i dei komande åra. Jentene er på defensiven, både i breidde, i samanlikning med andre hordalandsklubbar og med omsyn til komande rekruttering.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar