tirsdag 15. desember 2015

Historietime: Gneistspelen 1985

Me må først ta eit kortare tilbakeblikk i dag, nemleg til Hardanger Friidrettsfestival i 2009. Søndag 5. juli 2009 står naturlegvis fram som ein av dei verkeleg svære dagane i nyare gneist friidrettsk soge. Ja, hadde eg vore bokmålsk av meg, så ville eg vel kalla dagen bemerkelsesverdig. No er eg ikkje bokmålsk av meg, så det får vera som det er. Men denne dagen fekk me ein 200 meter for veteranar inne i Strandebarm som ein del av oss kjem til å snakka om på gamleheimen. Sjølv var eg altfor stiv og støl etter min eminente 800 meter same staden dagen i førevegen til å vera med, men Geir Harris, Terje Norheim, Arne Lillefosse og Morten Frode Bjørndal sette kvarandre stemne, så det suste etter. Me som trudde at Morten først og fremst var ein slitar måtte tru om igjen: Utpå langsida var han uimotståeleg og vann på sterke 27,50 for den i 2009 39 år gamle karen frå Søvikheia.




På ein sterk 2. plass kom så Arne Lillefosse, med 27,92. Som biletet over viser, så har Arne teke meir og meir livet med ro, etter som åra har gått. Men den opphavlege Fitjar-buen Arne har ei fortid som friidrettsutøvar for Stord IL. I 1985 vann han 100-meteren under Gneistspelen på 12,38 i G16. Så her går det ei slags linje. Den sterke sprintaren Rune Kyrkjebø frå Trio måtte ta til takke med 2. plassen, på 12,52. Rune Kyrkjebø delte elles 1,60 som resultat med namnebror Rune Haugsvær i høgde; førstnemnde fekk 4. plassen og Gneist-reprsentanten 5. plassen.

Og apropos Morten Bjørndal: Kjersti Ristesund vann sin 100 meter som ho ville, tilbake i 1985 - i J15 - på 12,9. I tillegg fekk ho seg ein noko meir overraskande 3. plass i kule, med 7,97.

Og apropos Trio: Lars Åke Andersen (G15) stakk av med eit par bestemannspremiar: Både på hekken og i lengde. I lengde blei det 6,53 som vinnar-resultat (med litt medvind).

På 1500 meter i G17/18 blei det ein fin 4. plass til Egil Johan Hessen frå Fana IL med 4:25,1. Han var plassen framom Nils Hetleflåt frå Stord.

Og elles - av alt det spennande på 1985-listene: Helga Reigstad frå Osterøy blei nr. 2 i spyd i J13 med 18,80, Terje Simmenes frå same klubben blei nr. 2 på 800 meter i G12 med 2:30,1 og nr. 3 i høgde med 1,25. Hege Kjærgård frå Laksevåg blei nr. 6 på sin 800 meter i J12, på 2:45,9. Og me finn fleire interessante plasseringar i J11 på Vibecke Kvale (den gongen knytt til Friidrettslaget Jarl). Vibecke har i 2015 vore knytt til eit fotball-lag i Gneist i nettopp J11. Jo da, tida går.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar