mandag 11. januar 2016

Utøvarportrett: Anne Skudal Dolvik

Godt nytt år også frå Bloggen! Den har vore sydpå og kjent at det kan henda kan koma vår igjen i år også, at varmen kjem tilbake ein gong - for den finst der, der ute.

No ja, nytt år, nye sjansar. Nytt år, nye namn. Ein stor takk for besøket til Martine Eikemo Borge, som frå nyttår vandra vidare til Sportsklubben Vidar og elles til det store utland. Masse lykke til vidare til Martine - me skal følgja med, naturlegvis.

Og der ein lagkaptein (om ikkje først-i-alt) forlet Gneist, så kjem kan henda ei ny inn: Anne Skudal Dolvik, med Gneist-bakgrunn solid som nokon, har vendt tilbake til moderklubben (og faderklubben) etter nokre år i "utlendighet" i Gular. Det er gjævt! Gjævt var det også for Anne, då ho var med i Universiaden i Sør-Korea sist sommar (mellom fleire saman med nemnde Martine) - og gjorde sine saker temmeleg bra.


Dei elektroniske arkiva mine fuskar for tida, så eg har ikkje full kontroll på Anne sine prestasjonar, men nokolunde oversikt finst nedanfor. Ho er sprintar, med solide merittar særleg på 100 meter, 200 meter og i stafett.

Dette er ein kjekk tilvekst, både i kraft av dei kvalitetar Anne innehar, men også fordi det alltid er kjekt når ein vender heim, slik allment.


Persar
60 meter
8,33 (Fana, 1. august 2005)
60 meter (i)
7,98 (Høiehallen, 20. januar 2010)
100 meter
12,11 (Gwangju, KOR, 8. juli 2015)
100 meter (i)
12,57 (Drammen, 14. februar 2010)
150 meter
18,25 (Lonevåg, 10. august 2013)
200 meter
24,58 (Bislett, 11. juni 2015)
200 meter (i)
24,99 (Leikvang, 19. januar 2013)
300 meter
40,01 (Lonevåg, 10. august 2013)
400 meter
55,66 (Fana, 30. juli 2013)
400 meter (i)
58,72 (Ranheim, 12. februar 2011)
60m hekk (i)
9,09 (Høiehallen, 2. februar 2010)
100m hekk
15,27 (Fana, 6. juni 2010)
200m hekk
29,82 (Fana, 16. september 2009)
Lengde
4,60 (Bislett, 5. september 2009)
Lengde u.t.
2,36 (Laksevåg, 13. januar 2007)
Tresteg
10,65 (Bislett, 4. september 2009

Medaljefangst i nasjonale mesterskap

NM
SØLV, 1000 meter stafett, NM, 2009
Sølv, 1000 meter sfafett, NM, 2014
BRONSE, 200m, NM, 2010

BRONSE, 200m, inneNM, 2011

SØLV, 100 meter, junior-NM, U23, 2010
BRONSE, 200m, junior-NM, U23, 2010

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar