I 1991 deltok Johan i G16. Her er han i ein seinare, men framleis sprek augneblink:
Johan vann 100 meter på 11,96, men det var i spyd han vann bestemannspremien i kast 15-18 år. Der kasta han spydet 52,42 og var med det nesten tre meter framfor ein annan kjent kastar..., Erlend Sæterstøl frå Hovding.
Bestemannspremiar - ja, to i talet - blei det også på Ingvild Larsen frå Laksevåg. Ho vann lengde i J17/18 suverent med 5,89, nesten 90 centimeter framfor nr. 2. Bestemannspremie blei det også i løp, for 100-meteren på 12,52. I tillegg vann ho høgde på 1,68.
I retteleg gamle dagar - altså i 1991 - vanka det premiar også i 9/10-års klassen. På 40 meter var det den seinare tresteg-einaren Maria Høgheim frå Lysekloster som vann på 6,8. På 4. plassen kom Lise Hovlandsdal frå arrangørklubben, på 7.1.
Og i J15 oppnådde Gina Jamt frå IL Fri fleire fine plasseringar. Ho vann høgde med 1,40 og blei nr. 3 på 100 meter med 14,18. Bestemannspremie blei det også, i eldste jenteklasse. Der fekk ho den som Ingvild Larsen ikkje fekk, nemleg i kast, med eit kulestøt på 9,74.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar